Sorggruppe

Kyrkja i Voss ynskjer å vera til hjelp og støtte for medmenneske i ei vanskeleg tid. Uansett tilhøve til kyrkja og kristen tru kan ein delta i sorggruppe eller ha samtalar på kyrkjekontoret eller i heimebesøk.

Sorggruppe-tilbodet går over 10 kveldar og vert så avslutta.
Leiarane for sorggruppene er diakon Sigrid D. Mala og sokneprest Ivar Bu Larssen.

Dersom du/de ynskjer å delta i sorggruppe eller ynskjer meir informasjon kan du ta kontakt med diakon Sigrid Djukastein Mala på tlf. 47 84 91 34.



Kva er ei sorggruppe?

Sorgstøttearbeid leggjast til rette ved å etablere sorggrupper, som er samtalegrupper for etterlatne. Ei sorggruppe har inntil 8 medlemer. Medlemene kjem saman for å dela erfaringar og opplevingar etter å ha mist ein av sine næraste - der dei kan vera til hjelp og støtte for kvarandre. Sorggruppa skal vera eit trygt fellesskap der ein kan setja ord på dei kjensler, tankar og reaksjonar sorga fører med seg. I ei sorggruppe møter ein dei same kvar gong, og mange har opplevd slike grupper som ei stor hjelp i tida etter eit dødsfall. Slik får ein hjelp - og slik gir ein andre hjelp. Kvar enkelt avgjer kva og kor mykje ein vil seia. Gruppa har to leiarar som har personlege føresetnadar  for å møte medmenneske i sorg og krise. Gruppeleiarane og medlemene i gruppa har alle teieplikt for det som vert delt. 


Hjelp gjennom sorg.

Livet gir oss både vonde og gode dagar. Noko av det verste me kan oppleva, er når ein av våre kjære døyr. Då opplever me sorg og sakn.

Det er viktig å sleppe sorga fram, og gi rom for tankar, kjensler og reaksjonar rundt dødsfallet og tida etterpå. Nokon har nære vener og familie dei kan dele sorga med. Desse næraste er dei viktigaste for den som vert råka av sorg og krise. Samstundes erfarer me at ikkje alle har nokon å snakke med om det som har hendt. Det kan også stundom vera vanskeleg å snakke med sine næraste om korleis ein har det.

Korleis reagerer den sørgjande ?
Reaksjonane til dei sørgjande er forskjellige. Nokon arbeidar seg gjennom sorga utan dei store kjenslemessige reaksjonane, medan andre reagerer sterkt etter dødsfall. Den eine måten å reagere på treng ikkje vera meir normal enn den andre. Den som får sterke og ukjente kjensler og reaksjonar kan frykte at det er noko alvorleg gale med dei. Dersom ein kjenner på slik frykt, kan det vera godt å få snakka med nokon som veit ein del om sorg og sorgreaksjonar.

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando