Diakoni
Diakoni er kyrkja si mellommenneskelege omsorg og sitt fellesskapsbyggjande arbeid.
Me ynskjer å ha eit synleg og tilgjengeleg kyrkjeleg omsorgsarbeid for dei som treng det - når dei treng det.

Diakonen må vera vaken for dei endringane som skjer i samfunnet med nye behov og utfordringar. Me ynskjer ein diakoni som er tilstades der menneske har det vanskeleg, og slik synleggjera evangeliet.

Diakoni er ikkje berre dei tiltaka som er organisert. Det blir gjort mykje godt diakonalt arbeid, uorganisert og i det stille. Kyrkja vil ha ein oppmuntrande funksjon i dette. Samstundes har me organisert diakonale tiltak m.a. innafor desse områda.

Diakonen er ein å snakka med i alle slags situasjonar, og diakonen har teieplikt.

Tilbod på Voss:
- for ungdom
- besøkstenesta
- kyrkjebenken, samtale og heimebesøk
- sorggruppe
- kyrkjeskyss og eldretreff
- friviljuge



Kontakt: Diakon Sigrid Djukastein Mala
Telefon: 56 52 38 80/47 84 91 34 eller E-post:
diakon@voss.kyrkja.no

Nettkirken.no
Kirkelig ressurssenter
Kirkens SOS

Kyrkja si besøksteneste

Kyrkja si besøksteneste

Kyrkja si besøksteneste for alle i Voss kommune treng no fleire besøkvener/besøkara. Det er mange som ynskjer å få ein besøksven/besøkar og for å klare å dekka dette behovet treng me DEG til å væra besøksven/besøkar.

Ynskjer du å få besøk, nokon å gå ein tur med eller hjelp til handleturen med meir. 

Ta kontakt med diakon Sigrid Djukastein Mala tlf. 478 49 134, eller e-post diakon@voss.kyrkja.no.

Klikk her for å laste ned brosjyre.
 

Les meir..

Kyrkja si besøksteneste

Kyrkja si besøksteneste

Besøkstenesta

Kyrkjelyden driv ei organisert besøksteneste i bygda, og er for deg som  ynskjer meir sosial kontakt, eller ein å gå ein tur saman med ein som har TID. Besøksvenen kjem fast etter avtale og har teieplikt.

Les meir..

Er du ein av våre nye besøksvener?

Er du ein av våre nye besøksvener?

Har du ledig tid til å vere i lag med nokon andre? Kan du tenke deg å beøka eit anna menneske fast? Gå tur, handle i lag med, gå på kafe, sittje i solveggen å prate med, skifte lyspærer for, strikke eller kanskje spikke i lag med. Da kan det henda du er ein av dei nye besøksvenene på Voss. Klikk deg vidare for å finna ut meir.

Les meir..

 
20. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando