Feste av grav

Gravfeste 2016

Voss kommune ved kommunestyret har vedteke følgjande satsar for gravfester i 2016:

1.
Gravfesteavgifta for Evanger, Raundalen, Vinje og Oppheim sokn vert sett til kr. 145 pr. år pr. grav, frå 20 til 60 år etter siste gravlegging. 2) For graver over 60 år vert avgifta kr. 290 pr. år. Festeavgifta i Jordalen vert framleis sett til kr. 0,-.
2. For graver i Voss sokn vert det ei auke på ca 30 % for kvar 10 års periode frå 20 til 60 år etter siste gravlegging. Dersom det vert gjeve løyve til feste utover 60 år skal festeavgifta aukast med 100% (sjå tabell).
3. Festeavgifta for reservasjon av grav til seinare bruk vert sett til kr. 145 pr. år pr. grav.
4. Festeavgifter for urnegraver vert  kr. 60 pr. år.
5. Festetida for graver er maksimalt 60 år. Fellesrådet kan innvilge utvida festetid for barnegraver, graver der familien ynskjer å nytta grava om att eller av andre samfunnmessige omsyn. 

Når fellesrådet no sender ut tilbod om å få forlenge festetida for graver, så er det gjort i samsvar med vedtak i Voss kommune. Tabell for gravfesteavgift pr år ser då slik ut:

 

 

 

År  Voss sokn  Evanger, Raundalen, Vinje og Oppheim   Jordalen
 0-20 1)  Kr 0 eller Kr 1452)  Kr 0 eller Kr 1452)  Kr 0
 20-30  Kr 185  Kr 145  Kr 0 
 30-40  Kr 240  Kr 145  Kr 0
 40-50  Kr 315  Kr 145  Kr 0
 50-60  Kr 410  Kr 145  Kr 0
 over 60 år  Kr 820  Kr 290  Kr 0

 

1) Festeavgift for urnegraver vert kr 60 pr år. Ei urne som blir satt ned i ei kistegrav, vert festa som kistegrav vidare.
2) Dei fyrste 20 åra er rekna som friperiode. Deretter får ein tilsend krav om festeavgift. Ei grav som går over til festa grav, kan ikkje verta frigrav igjen, sjølv om den vert nytta oppatt. Festeavgifta vert likevel rekna frå tidspunktet for siste gravlegging. Festeperioden gjeld kun for gravlagde som har vore busette i kommunen.

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando