Gravminne/gravstein
Etter gravlegginga vil kyrkjegardspersonalet syrgje for at grava vert planert og tilsådd.
Pårørande syrgjer sjølve for oppsetting av monument og inskripsjon. Gravmonumentet kan setjast opp etter søknad til kyrkjeverja. I fylgje Forskrifter til gravferdslova skal alle ståande gravminner i stein vere forsvarlig festa til fundamentet med bolt.
Det er inga plikt å setje eit minnesmerke på grava. Grava vert freda heile den fastsette tida, og festar/pårørande har same rettigheiter anten det er minnesmerke på grava eller ikkje.

Alle minnesmerke må ha ei høveleg form og oppbygning. Til gravminne og fast tilbehør kan ein berre bruka materialer som er bestandige og krever lite vedlikehald. Gravminnet skal tåla dei påkjenningar det vert utsett for av klima og ved vanleg drift/vedlikehald av kyrkjegarden.

Gravminnet på kistegravstad skal ikkje vera:
Høgare enn 150 cm,
breiare enn 85 cm, og
tjukkare enn 60 cm,
ikkje overstige 0,2 kubikkmeter i volum og
300 kg i vekt.

Gravminnet på urnegravstad skal ikkje vera:
Høgare enn 80 cm,
breiare enn 75 cm og
tjukkare enn 60 cm,
ikkje overstige 0.1 kubikkmeter i volum og
150 kg i vekt.

På ein ny gravstad vert gravminnet plassert sentralt i bakkant av gravstaden. Monumentforhandlarar og kyrkjeverjekontoret kan gje informasjon om reglane. Skal du kjøpe monument er det vanleg at seljaren søkjer om å få det godkjent.

Vil du ordne med oppsettinga sjølv, kan du henvende deg til kyrkjeverjekontoret og be om skjema og eventuelt om hjelp til utfylling
24. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando