Stell av gravstaden

Einkvar som er ansvarleg for ei grav, har rett og plikt til å stelle grava. Framfor gravminnet kan du opprette eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Dette feltet kan vere opptil 60 cm frå bakkanten av gravminnet, og det kan ikkje vera breiare enn gravminnet. Det kan rammast inn av delt naturstein, men denne må gravast ned i jorda slik at kanten ligg i høgd med bakken rundt. Plantane må ikkje vere høgare enn gravmonumentet eller strekkje seg ut over plantefeltet. Plantane må ikkje verte så store at dei dekkjer gravminnet og inskripsjonane.

Det er høve til å pynte med krans, lys, blomebukettar, lykt osv, men slike lause gjenstandar må takast vekk etter bruk. Avfall skal kastast i behaldarar - jord og planterestar i ein behaldar, anna avfall i den andre. Plantefelt som ikkje vert beplanta skal såast til, slik at det er grasplen på alle sider av gravminnet.

Stell av grava, bolting av gravstøtte og mindre reparasjonar på gravstaden, kan utførast av Voss kyrkjelege fellesråd mot betaling. Prisane vert fastsette årleg av fellesrådet.

Avtale om gravstell kan innehalde klargjering av blomebed, grunngjødning, luking, vatning, plukking av visna blomar og ettergjødning gjennom heile sesongen. For det året eller den perioda grava skal stellast har kyrkjegardsforvaltninga tilsyn med gravstaden.


Me tilbyr to typar tenester (prisar gjeld 2016):

1. Standard stellavtale
- Planting før 17. mai.
- Omplanting i juni.
- Stell, vatning og avrydding om hausten.
Kr 925,- pr grav pr år.

2. Utvida stellavtale (som nr 1 med tillegg av):
- Påskeliljer.
- Lyng i september.
- Krans til jul.
Kr 1.380,-pr grav pr år.

Betalling skjer ved årleg rekning eller gravlegat.

(Gravlegat: Det vert gjort ein skriftleg legatavtale, og eit beløp vert sett av som skal dekkje stell av gravstaden for fleire år. Kyrkjeverja forvaltar legatmidlane, og fører rekneskap med legatet. Legatmidlane pluss renter dekkjer utgifter til stell av gravstaden etter gjeldande satsar som for sommarstell.
Ved å henvende deg til kyrkjekontoret kan du få råd om kor stort beløp det kan vere lurt å setje av. Når midlane er oppbrukt vil festar verte kontakta og førespurd om legatet skal forsterkast.)

 

 

 

23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando