Kven ordnar kva?
Kven ordnar dei ulike tinga etter dødsfallet?

Ein av våre kjære er død. I tillegg til sorg og smerte og mange tankar om vår kjære, kjem alle praktiske gjeremål som må løysast - ofte innan kort tid. Oftast får ein hjelp frå aldersinstitusjon, sjukehus og/eller lege om kven som skal ha medling om dødsfallet. Dødsmeldinga vert skriven av lege og sendt til lensmannen eller skifteretten. Lensmannen sender dødsattest til soknepresten, folkeregisteret og NAV.

Etter eit dødsfall er det vanleg at dei pårørande straks henvender seg til eit gravferdsbyrå som hjelper til med dei fleste praktiske spørsmål. Det er likevel ingen ting i vegen for at ein tek hand om ei eller fleire av oppgåvene sjølv, som kontakt med prest, stell av den døde, annonsering, transport osv. Nokon ynskjer å gjera mest mogleg sjølve i førebuingane til gravferda. Andre vil overlate dette til eit gravferdsbyrå. I dag veit vi at det kan bety mykje for sorgarbeidet om dei syrgjande sjølve deltek atkivt òg i dei praktiske førebuingane. Enkelte pårørande har hatt utbytte av å vere meir med i prosessen, særleg når ein har opplevd dødsfall i nær familie. Det er viktig å tenkje over kva ein vil at andre skal ordne, og kva ein ynskjer å gjera sjølv.

Gravferd eller kremasjon skal finne stad seinast ti virkedagar etter dødsfallet, dersom ikkje spesielle høve tilseier det. Nærare opplysningar kan du få ved å henvenda deg til kyrkjekontoret.

Klikk her for kontaktinformasjon.

23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando