Gravferd-seremoni
Kyrkjeleg gravferd
Ein kan velje om seremonien skal føregå i kyrkje eller gravkapell. På Voss har me Vonheim kapell i tillegg til kyrkjene. For dei som tilhøyrer Den norske kyrkja eller eit anna kyrkjesamfunn, vil det vere naturleg å nytta kyrkja på heimstaden. Tidspunktet for seremonien avtalast med kyrkjekontoret/prestekontoret.

I samråd med organist/prest, eller den som skal halda gravferda, velgjer ein ut salmar, songar og eventuelt andre musikalske innslag (solosong, korsong, musikarar osv) Det er full anlening til å setje sitt personlege preg på kyrkjekrommet ved at dei pårørande sjølve pyntar med blomar o.l. Pårørande kan òg halde minnetale etter avtale med den som leiar seremonien.

Pårørande sine ynskje for gravferda vert fylgde så langt det er mogleg. Ved val av kistegrav vert kista boren til grava, der den vert senka ned som ein del av seremonien.

Gravferd etter ordningar frå andre trus- og livssynssamfunn
Andre former for gravferd kan gjennomførast enten som kremasjon eller gravferd, og kan velgjast av alle. Seremonien, leiing av seremonien og eventuelle val av religiøse rituale vert lagt opp i mest mogleg samsvar med den avlidne og pårørande sin religion og livssyn. Det er altså høve til å få gravferd etter rituale frå anre trus- og livssynssamfunn. Då tek ein kontakt med representant for disse. Kyrkjeverja må likevel kontaktast for å avtale tid for gravferda og gravplass.

Kyrkjene kan berre nyttast til kyrkjelege handlingar, dersom det ikkje er gjeven særskild godkjenning av dette frå det einskilde sokneråd. Alle gravleggjast på kyrkjegarden uansett livssyn og gravferdsseremoni.
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando