Sorga

Når ein som står deg nær døyr, vert livet fylt av sorg. I tillegg er det mange pårørande som kjenner seg einsame og hjelpeslause. I ein slik situasjon verkar det ikkje lett å tenkja på formalitetar og alle dei gjeremåla som eit dødsfall fører med seg. Likevel kan det vera godt å ta til med noko praktisk i ein slik vond situasjon, og erfaring viser at dette også er med på å hjelpa i sorgarbeidet.

Sorg er ein naturleg reaksjon på noko som er vondt og vanskeleg. Sorgarbeid tek også tid og krefter. Å skjøna at ein har mista ein av sine nære er ein lang prosess. Etter kvart kan ein, litt etter litt, igjen klara å gle seg over livet. Ein gløymer ikkje, men sorga er ikkje lenger så tung å bera. Born føler også sorg, men deira uttrykksmåte kan ofte vera annleis enn vaksne sin.

Gå vidare til Kven ordnar kva?

27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando