Dåpsopplæring
Kristendomsundervisning er ein liten del av det offentlege skuleverket, så kyrkja reknar ikkje lenger skulen si kristendomsundervisning som dåps-, eller konfirmasjonsopplæring. Den norske kyrkja har derfor trappa opp eigne undervisningstilbod til sine døypte. I dåpen påtek både foreldre, fadderar og kyrkjelyden seg eit ansvar for å gje barnet oppseding til kristen tru.

Dette seier presten kvar gong det er dåp i kyrkja: "De som i dag ber dette barnet til Kristus, skal vera vitne om at han er døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: å be for han, læra han sjølv å be, og hjelpa han til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at han kan verta verande hjå Kristus når han veks opp, liksom han ved dåpen vert sameint med han."

Seint på 1980-talet tok Den norske kyrkja fatt på arbeidet med eit omfattande kyrkjeleg opplæringsprogram. Plan for dåpsopplæring i Den norske kyrkja vart presentert våren 1992 og er no retningsgjevande for barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelydane. Her vert det gjennomgått kva den døypte bør læra om den kristne trua på kvart alderstrinn frå fødsel til konfirmasjonstid.

Arbeidet med dåpsopplæringa i kyrkjelyden er ofte fordelt på mange ulike tiltak som sundagsskule, barneforeiningar, kor, speidargrupper osv. Det er her eit utstrakt samarbeid mellom soknerådet og dei frivillige organisasjonane sine arbeidslag i kyrkjelyden. Hausten 1997 vedtok Kyrkjemøtet ein ny Plan for konfirmasjonstida.

Eit regjeringsoppnevnt utvalg overleverte 10. oktober 2000 innstillinga NOU 2000:26"...til eit åpet liv i tru og tillit". Utreiinga som skildrar Dåpsopplæring i Den norske kyrkja, kan lesast her:NOU 2000:26
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando