Dåp i Den Norske Kyrkja


I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggjande sakramentet som dannar utgangspunkt for den døypte sitt liv i trua og i kyrkja. Den kristne dåpen vert praktisert på ulike måtar i ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har me barnedåp. Det er gjennom dåp ein vert medlem av Den norske kyrkja.

Det er ein føresetnad for dåp av born at dei vert oppseda i kristen tru. Når borna vert døypt, skjer det difor i forventning om at dei skal ta del i kyrkja si trusopplæring. Den norske kyrkja ventar at den som er medlem av kyrkja melder sitt barn til dåp, og barnet bør der det er mogleg døypast før det er tre månadar gamalt.

Dåp vert meldt i god tid til kyrkjekontoret eller sokneprestkontoret. Der geografiske eller andre forhold ikkje gjer det umogleg, skal presten eller ein annan i presten sin stad ha samtale med foreldra om dåpen og dåpsliturigien før dåpen finn stad.

Barnet skal ha minst 2, høgst 6 fadderar; dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje vera fadderar. Minst to av fadderane må vere til stades ved dåpshandlinga. Fadderane påtek seg viktige oppgåver når det gjeld barnets kristelege oppseding, og må veljast med dette for auga. Det er presten sitt ansvar å sjå til at val av fadderar står til desse føresetnadane. Som fadder kan berre veljast personar som er medlem av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Dersom det oppstår spørsmål om å utelukke som fadder eit medlem av Den norske kyrkja, skal saka leggjast fram for biskopen.

Kva skjer ved ein barnedåp i gudstenesta?
Før gudstenesta tek til, tek foreldre og fadderar plass i kyrkja - bortset frå den som skal bera barnet.

I Voss prestegjeld finn dåpshandlinga stad mot slutten av gudstenesta. I dåpshandlinga vert berre barnet sitt førenamn nevnt (utan mellomnamn eller slektsnamn), men det fulle namnet vert lest i kunngjeringane i gudstenesta.

Truvedkjenninga er heilt sentral i kyrkjelivet


I dåpshandlinga vert òg forsakinga sagt fram.

Presten: Lat oss saman vedkjennast forsakinga og trua, som vi blir døypte til.

Alle: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen. 
        Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. 
        Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, 
        som vart avla ved Den Heilage Ande,
        fødd av Maria møy,
        pint under Pontius Pilatus,
        krossfest, døydde og vart gravlagd,
        fór ned til dødsriket,
        stod opp frå dei døde tredje dagen,
        fór opp til himmelen,
        sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
        skal koma att derifrå og døma levande og døde.
        Eg trur på Den Heilage Ande,
        ei heilag, allmenn kyrkje,
        eit samfunn av dei heilage,
        forlating for syndene,
        oppstoda av lekamen
        og evig liv. 
        Amen.


Alle set seg.

23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando