Friperiode og fredningstid av festa grav


Fredingstid for gravstad
Fredingstida for både kistegravstad og urnegravstad er 20 år. Det vil sei at ei freda grav ikkje kan nyttast om att før fredingstida er over. Òg på ein familiegravstad med to eller fleire graver festa ved sidan av kvarandre, kan kun dei unytta gravene takast i bruk i fredingstida.
Feste og festeavgift for gravstad
Avgift for kistegravstad: Når det vert oppretta ei ny grav betalar ein ikkje festeavgift for dei første 20 åra. Dersom det vert reservert ei grav ved sida av, vert det betalt festeavgift på denne for 20 år. Når det vert sett ned urne eller kiste på ein slik familiegravstad vert festeavtalen for heile gravstaden fornya, og det vert betalt festeavgift slik at fredingstida på 20 år vert oppretthalden.


Avgift for urnegravstad
Ein betaler ikkje festeavgift for dei fyrste 20 åra (dersom gravlagde var busatt i Voss kommune). Dersom ei ny urne vert sett ned før denne tida har gått, betalar ein ikkje festeavgift, men festeperioden vert forlenga med nye 20 år. Ved kremasjon betalar ein kremasjonsavgift.

Festaren vil motta rekning for betaling av gravstaden ei tid etter seremonien. Kyrkjeverjekontoret sender rekninga.

Gravstaden vert fyrste gong festa for 20 år, med rett til fornying. Dei påfylgjande festeperiodeane er på 10 år. Når det har gått 60 år etter siste gravlegging, kan gravfestet ikkje fornyast utan særskild godkjenning frå Voss kyrkjelege fellesråd. Berre èin person kan stå som festar for ei grav, og ingen kan gravleggjast der utan festar si godkjenning. 


Når festeavtalen går ut, sender kyrkjekontoret ut skriftleg melding om dette. Det hender at slike varsel ikkje når fram til rette vedkomande, dels grunna adresse- eller navneforandring, dels av andre grunnar. Kjem brev i retur eller adressa manglar, vert det sett opp eit varselkort på grava. Har ikkje festaren meldt seg innan 2 månader, vert gravminnet fjerna og oppbevart i 6 månader før grava vert sletta og gravminnet destruert.

Husk å melde frå til kyrkjekontoret om adresse- eller navneforandring. Oppseiing eller overdraging av feste må gjerast skriftleg.

 

 

 

23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando