Gravlegging eller kremasjon?

Gravlegging
Ved gravlegging vert kista med den døde sett ned i jorda på kyrkjegarden, slik at det er minst 1 meter overdekning med jord. Ved "dobbel djupn" vert den første kista sett så djupt at det er minst 1,7 meter overdekning med jord. I Voss sokn er det vanleg å nytte "dobbe djupn" når den første av ektefellene døyr og skal gravleggjast. I dei andre sokna er det litt ulik praksis, alt etter kor djup kyrkjegarden er.

Kremasjon
Ved kremasjon vert kista med den døde frakta til eit krematorium i Bergen for brenning, like etter gravferdsseremonien. Blomane som ligg på kista vert ikkje brende. Ei kalksteinsbrikke med namn på den døde vert lagt oppå kista slik at oska vert sikkert identifisert. Oska vert samla i ei urne (av lett nedbrytbart materiale) og sendt til kyrkjeverja på gravstaden, der ho må settjast ned innan 6 månader etter dødsfallet. Dei pårørande kan gjerne vera tilstades ved nedsetjinga, og det kan haldast ein enkel seremoni. Voss kommune yter eit tilskot på kr. 10.000,- til dei i Voss sokn som nyttar kremasjon.

23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando