Nedsetjing av urne
Det er ynskjeleg at urna vert sett ned i grava så snart som mogleg, og den skal gravsetjast seinast 6 månader etter dødsfallet. Grunna tele i jorda kan det verte naudsynt med ei slik utsetjing i vinterhalvåret.

Det er dei pårørande sjølve som bør ta kontakt med kyrkjeverja i høve nedsetjing av urna. Me sender melding til pårørande før nedsetjing, om dei ikkje har teke kontakt sjølve. Om ein har vald å ikkje vera til stades, får ein beskjed når nedsetjinga er føreteken.

Det er næraste pårørande, oftast den som har underskrive papira ved kremasjonsbestillinga, som har disposisjonsrett over urna. Dersom urna vert gravsett utanfor Voss kommune, er det kyrkjeverja som fyller ut søknadsskjema og kontaktar kyrkjegardsmyndigheiter i den aktuelle kommunene der urna skal nedsetjast.

Det er krematoriebestyraren som tek ansvar for å sende urner.
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando