Val av gravstad
Den avlidne skal føremonleg gravleggjast på den kyrkjegarden vedkomande soknar til. Dette gjeld òg sjølv om avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har vore busett i eit anna sokn eller ein annan kommune mot slutten av livet.

Når ein vel ein ny gravstad vil kyrkjeverjekontoret anvise gravstad. Ein bør i alle høve undersøkje om det er ledig plass på ein gravstad som allereie tilhøyrer familien. På einskilde kyrkjegardar er det reservert eigne gravfelt for kistegravstader og andre felt for urnegravstader.

Ved feste av kistegravstad er det høve til å festa ei grav ved sida av, og etter søknad til kyrkjeleg fellesråd er det mogleg å feste endå ei ekstra grav når behovet tilseier det. Ved feste av urnegravstad vert det gjeve plass til 4 urner. Det kan òg setjast urner i kistegraver, men berre etter at det er sett ned ei kiste fyrst. I tillegg til kista, er det då plass til 8 urner i ei enkel kistegrav.

Andre former for gravleggjing:

Dødfødde born
Lova set inga nedre grense for kor gamalt eit dødfødd barn må vera for å kunna gravleggjast. Det vil i praksis sei at det er mogleg for foreldre som ynskjer det, å få gravferd for born/foster som døyr svært tidleg i svangerskapet. Dødfødde born har rett til eiga grav i mora sin bustadkommune.

Anonym gravstad
Ei minnelund er eit område med anonyme gravstader for nedsetjing av urner. Urnene vert sett ned ved eit fellesmonument utan navn på dei avlidne. Gravleggjinga føregår utan at dei pårørande er tilstades, og det er kun kyrkjeverja som kjenner plasseringa av urnene.

Spreiing av oske
Når det føreligg ei datert og underskriven erklæring frå ein person som har fylt 15 år, kan fylkesmannen etter vedkomande sin død gje løyve til at den som syrgjer for gravferda spreier oska for vinden. Fylkesmannen kan setje vilkår for løyvet. Ved denne forma for gravferd kan kyrkjeleg medverknad ikkje krevjast.

Privat gravstad
Når det føreligg særskilde grunnar, kan fylkesmannen gje løyve til at private får anleggja gravstad for nedsetjing av urne på ein eigna stad. Fylkesmannen kan setje vilkår for løyvet.
23. september 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando