Vigsel liturgi
1. Preludium / Inngang

Orgelmusikk el. anna høveleg musikk til preludium / inngang
.

a.
brudeparet kan gå saman fram til koret og setja seg eller
b. brudefylgjet kan få saman inn i prosesjon eller
c. ein representant frå familien kan fylgja brura fram til plassen i koret.


2. Inngangsord. presten seier ved altaret:

a. I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
eller
b. Nåde vere med dykk, og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

Presten ynskjer brudeparet / brudefylgjet velkomne:
Presten seier:
a. Herre, kor dyrverdig di miskunn er!
I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.
Dei får eta seg mette av det beste i ditt hus,
du let dei drikka og gledesbekken din.
For hjå deg er livsens kjelde,
i ditt ljos ser vi ljos.

eller

b. Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn.
Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!

eller

c. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleike, vert verande i Gud og Gud i han.


3. Salme

4. Skriftlesing / Guds ord om ekteskapet.

Først les presten to tekstar, vidare er det ein lesing frå GT og ein frå NT. Desse to kan lesast av medlemer av brudefylgjet.

5.Salme (kan erstattast av høveleg vokal el. instrumentalmusikk).

6. Tale

7. Ekteskapsinngåing

Presten seier: Kom no fram til Herrens altar.
Brudeparet går fram til altarringen
Deretter seier presten:
antan: a:

For Gud vår Skapars åsyn og i nærver av desse vitna spør eg deg (brudg. sitt fulle namn).
Vil du ha (brura sitt fulle namn), som står attmed deg, til ektemake?
Brudgommen: Ja
P: Vil du elska og æra henne og vera trufast hos henne i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brudgommen: Ja

P: Likeeins spør eg deg ( det fulle namnet til bura):
Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja
P: Vil du elska og æra han og vera trufast hjå han i gode og vonde dagar til dess døden skil dykk åt?
Brura: Ja.
P: Så gjev kvarandre handa på det.
Brudeparet gjev kvarandre høgre handa.
Presten legg handa på hendene til brudeparet og seier:
For Guds åsyn og i nærver av desse vitna har no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve
kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.

eller b:

For Gud vår Skapars åsyn og i nærvere av desse vitna spør eg deg (brudg. sitt fulle namn).
Vil du ha (brura sitt fulle namn), som står attmed deg, til ektemake?

Brudgommen: Ja

Likeeins spør eg deg ( det fulle namnet til bura):
Vil du ha (det fulle namnet til brudgommen), som står attmed deg, til ektemake?
Brura: Ja

Presten: Gjenta no etter meg
:
Brudgom og brur vender seg mot kvarandre. Det gjev kvarandre hendene og vert ståande slik medan dei gjev løftet
.

Presten les ledd for ledd, deretter seier brudeparet det fra, den eine først.
P: Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.
B:
Eg tek deg (namnet vert nemnt) til ektemake.¨
P: Eg vil elska og æra deg.
B:
Eg vil elska og æra deg.
P: og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
B:
og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar
P: til døden skil oss åt
B: til døden skil oss åt

Deretter blir løftet teke oppatt på same måten av den andre ektemaken.
Presten legg handa si på hendene til brudeparet og seier:
For Guds åsyn og i nærver av desse vitna har no lova kvarandre at de vil leva saman i ekteskap, og gjeve
kvarandre handa på det. Difor gjer eg kunnig at de er rette ektefolk.


8. (her kan fylgja) Overrekking av ringar.

antan a:
P: Gje no kvarandre ringane som de skal vera til eit teikn på løftet om truskap.
Kvar av dei set ringen på fingeren til den andre

eller b:

P: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera som eit teikn på løftet de har gjeve kvarandre. Gjenta etter meg:
Presten les orda ledd for ledd. Deretter seier brudeparet dei fram, den eine først.

P: (namnet) eg gjev deg denne ringen
B: (namnet) eg gjev deg denne ringen
P: som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap
B: som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap

Ringen vert sett på fingeren til den andre.
Deretter vert overrekkinga teken opp att på same måten av den andre ektemaken.

9. Forbøn

Presten: lat oss alle be
Brudeparet kneler ved altarringen.
Presten bed for brudeparet, med handspålegging, ei av dei følgjande bønene, og avsluttar med Herrens bøn (event. kan andre i brudefølgjetdelta med handspålegging)

antan:
a. P: Gode Gud, du som har insett ekteskapet og velsigna kvinne og mann, vi ber deg: Lat di velsigning kvila over (namnet vert nemnt) som her kneler for ditt andlet.
Fyll dei med kjærleik, bygg heimen deira i fred.
Sjå til dei i nåde, og styrk dei med din Ande, så dei i gode og vonde dagar set si lit til deg, held trufast saman og hjelper kvarandre fram mot det evige livet.

eller

Gode Gud, vi takkar deg for (namnet vert nemnt) og (namnet vert nemnt) og for deira kjærleik til kvarandre. Velsign livet deira som ektefolk. Hjelp dei å halda dei løfta dei har gjeve kvarandre, så ekteskapet deira kan fyllast av tillit, omsut og glede. Gjev dei evne og vilje til å byggje heimen sin i fred, så den vert ein stad der (born kan veksa opp i tryggleik og) familie og vener kan finna fellesskap.
Du som er vegen, sanninga og livet, lat dei få vandra i di sanning.
Du som tilgjev og lækjer, hjelp dei å tilgje kvarandre.
Du som er kjærleikens kjelde, gjev dei og alle ektefolk å veksa og modnast i kjærleik.
(evt. føya til fritt utforma bøn, evt. kombinert med ljostenning, evt. bønesalme medan brudeparet kneler)

Deretter ber alle Herrens bøn (Fader vår)

Brudeparet set seg på plassane sine.

10. (her kan evt. fylgja.): Musikk/symbolhandlingar/høgtlesing/kulturelle innslag.

11. Salme

12. Velsigning.

antan:
a. P: Lat oss prisa Herren.
Kyrkjelyden reiser seg og syng:
Gud vere lova, Halleluja, Halleluja, Halleluja
P: Herren velsigne deg og bevare deg
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.
Alle: Amen, Amen, Amen

eller:

b. P: Ta i mot velsigninga.
Kyrkjelyden reiser seg.
P: Herren velsigne deg og bevare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig
Herren lyfte sitt åryn på deg og gjeve deg fred.

Kyrkjelyden syng: Amen

13. Utgang

Orgelmusikk eller annan høveleg musikk. ekteparet går saman ut or kyrkja.
27. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando