Kyrkjemusikalsk aktivitet

"Med harpe og klang" - konsert i Vangskyrkja 25. mai kl 18

"Med harpe og klang" - konsert i Vangskyrkja 25. mai kl 18
Arrangementet er eit samarbeid Universitetet i Bergen i samband med seminar på Voss 25.-26.05.: «Voss som region og Vangen som regionsenter i mellomalderen». Professorane Gunnstein Akselberg og Alf T...
Les meir..

Vossakyrkjemessa 1. -3. juni

Vossakyrkjemessa 1. -3. juni
Under årets vossakyrkjemesse vil Eyvind Skeie vitja nokre skuleklassar på Voss fredag 1. juni på dagtid. Fredag kveld vert det salmekveld i Vangskyrkja. Laurdag 2. juni: Foredrag og kulturelle inn...
Les meir..

Orgelkonsert på påskeafta

Orgelkonsert på påskeafta
Påskeafta kl.18  held vikaroganist James Reed orgelkonsert i Vangskyrkja. Han vil spela pasjonssalmer av fleire kjende komponistar. Velkomen til ein meditativ og vakker stund i Vangskyrk...
Les meir..

Jazzmesse palmesundag

Jazzmesse palmesundag
Tradisjonen tru vert det ei «swingande» messe på Palmesundag dette året óg. Vikarorganist James Reed frå England vil, saman med lokale musikarar, setja sitt preg på gudstenesta med fengjande toner og...
Les meir..

Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN

Konsert i Vangskyrkja - FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN
Hordaland Kunstmusikk presenterer: FRÅ SCHUBERT TIL IMPRESJONISMEN Duoen Michael Süssmann, fiolin & Mai Goto, piano byr på ei spanande reise innanfor ulike sjangrar i musikkhist...
Les meir..

Duke Ellington: Sacred Concert

Duke Ellington: Sacred Concert
Voss kulturhus, laurdag 11. mars kl: 17:00 Denne gongen er det Voss Storband og eit samarbeidskor som består av Kyriakè frå Os, Birkeland Kantori og Voss Kantori som framfører verket. Solistar...
Les meir..

Jolekonsert i Evanger kyrkje Sundag 18. desember klokken 16:00

Jolekonsert i Evanger kyrkje Sundag 18. desember klokken 16:00
Sara Davidson - song, Astrid Gjestvang – orgel/piano, Oda Styve Mjånes - song, Gymnaskoret, KIS/Juniorgruppa, Evanger Musikklag m/solistar. Dir. Marius Fevang Thorstensen Andakt v/ prost ...
Les meir..

"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og 1900

"Me syng og spelar jola inn" i Vangskyrkja sundag 18.12. klokka 1700 og  1900
Dette er den tradisjonelle jolekonserten som kvart år går føre seg i Vangskyrkja. Me vidarefører ordninga med 2 konsertar denne dagen, slik at så mange som mogleg får høve til gode sitteplassar. Prog...
Les meir..

SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016

SOMMARKONSERTSERIEN I VANGSKYRKJA 2016
For 5. året på rad kan ein oppleva ein serie med sommarkonsertar i Vangskyrkja, midt i Voss sentrum – eller rettare sagt; i sentrum av Voss! Som tidlegare vil desse konsertane gå føre seg på onsdag...
Les meir..

Konsert med kor og korps

Konsert med kor og korps
 «Messingklang med jubelsong» Konsert i  Vangskyrkja onsdag 9. mars kl 1930   Medverkande : Evanger Musikklag, dir. Thomas Nøkling Voss kantori, dir. Magnus Klø...
Les meir..
Kor tilhøyrande kyrkja på Voss

Her kan de lesa om dei kora som er tilknytta kyrkja på Voss, og sjå i kalenderen kva øvingar/hendingar kora er med på.

Mini/MidiSing

Eit kor for deg som er 4-10 år.

Me øver kvar torsdag kl 17:30-18:30 i Vangskyrkja.
På øvingane er det song, leik og dans.
Av og til har me konsertar, og er med og syng på utvalde gudstenester.

For meir informasjon:

Åshild Bøe Kharazmi, e-post: t-dagane@voss.kyrkja.no eller mob: 95 29 86 81.
 

TweenSing

 

 

Eit kor for deg som går i 5.-7. klasse.

Me møtes anna kvar onsdag (oddetalsveke) i Vonheim.
Her kan de komma rett frå skulen.
Frå kl 13:30-15:00: ope i Vonheim; matbit, lekselesing, spel.
Frå kl 15:00-16:30: øving med kor, dans, drama og leik.

TweenSing er eit samarbeid mellom KFUK/KFUM og Kyrkja i Voss.

For meir informasjon:
Åshild Bøe Kharazmi, e-post: t-dagane@voss.kyrkja.no eller mob: 95 29 86 81.
Ingrid Tønnessen, e-post: ingrid2@kfuk-kfum.no eller mob: 48 03 12 00.

 

 

Refleks TenSing

Eit kor for ungdomar frå 8. klasse til og med 3. klasse vidaregåande.


Kvar torsdag i skuleåret samlast mellom 50 og 80 ungdommar i Vonheim for å synga, spela, laga mat, dansa og dramatisera i lag. Vonheim er opent frå skuleslutt.


16:15     Middag kan kjøpast for kr. 30,-

17:30     Leiarane har møte

18:00     Korøving

               Gruppetid

               Pause

               Andakt

               Beskjedar

21:00     Slutt

 

Refleks TenSing er eit samarbeid mellom KFUK/KFUM og Kyrkja i Voss.


Treng du meir info kan du ta kontak:
Ingrid Tønnessen, e-post: ingrid2@kfuk-kfum.no eller mob: 48 03 12 00.

 

 

 

 

 

 

 

 

VOK (Voss og Omland Kantori)

Koret er eit tilbod til alle vaksne songarar som kan tenkja seg å synga i eit blandakor med eit allsidig repertoar, med basis i kyrkjemusikalske verk. Koret øver tysdagar i Vangskyrkja frå kl. 18:30-21:00. Koret deltek iblant på gudstenester i fleire kyrkjer; både Vangskyrkja, Raundalen, Evanger og Bolstad har regelmessige besøk av koret. Dei siste åra har VOK vore involvert i prosjekter som Händel’s «Messias», «Requiem» av G. Fauré, «Visst skal våren komme» av Eyvind Skeie/Sigvald Tveit, folkemusikkmesse under Osafestivalen og "Sacred consert" av Duke Ellington.

VOK har ved fleire anledningar samarbeida med andre kor, eksempelvis Bygdaklang (Voss), Strendingen (Vossestrand), mannskoret Laudamus (Kvam) og Ål kantori (Ål). VOK deltek regelmessig i samanhengar som Vossajazz (jazzmesse) i mars/april, Osa-festivalen i oktober og Vossekyrkjemessa i mai/juni. Koret har pr. i dag ca. 25 medlemmar, men ynskjer seg fleire, spesielt mannsstemmer. Ein treng ikkje lesa notar for å vera med i koret. Kantor i Vangskyrkja, Magnus Kløften, er til dagleg fast dirigent for koret.


For meir informasjon:
Magnus Kløften, e-post: 
magnus.kloften@voss.kyrkja.no eller mob: 40 44 04 61.

Kalendar

23. mai 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando