Nyheter

Påmelding til konfirmasjon 2019 Voss, Evanger og Raundalen

Påmeldinga opnar fredag 1. juni 2018 kl. 08:00. Etter 15. juni vert dei gruppene som er fulle, stengt for påmelding. Blir det for mange i ei gruppe vil konfirmantane verte valgt ut ved loddtrekkning. Klikk på overskrifta her for å koma til påmeldingsskjema.

 

Påmelding til konfirmasjon 2019 Oppheim og Vinje

Påmeldinga opnar tysdag 5. juni. Hovudperiode for påmelding er før skuleslutt.

Konfirmantåret på Voss

 

Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå? Kva skal eg bruke livet til? Finst Gud? Vennskap og menneskeverd. Sorg og glede. Mote og mobbing. Kjærleik, seksualitet og samliv. Miljø og rettferd. Korleis kan eg bety noko for andre? Kven er Jesus? I konfirmanttida er det tid og rom for å tenkje og stille spørsmål. Ei tid for å lære meir om Gud, om deg sjølv og om andre menneske.

 

Ordet konfirmasjon kan bety både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Konfirmasjonshandlinga er ei forbønshandling der vi ber Gud om å velsigne og styrkje kvar enkelt konfirmant. Det krevst ingen vedkjenning frå konfirmanten. Det viktigaste med konfirmanttida er å bli betre kjend med den kristne trua, der Gud seier ja til oss og vil vere ein del av livet vårt.​

 

Konfirmasjonstida er for alle som ynskjer å vera med .Det einaste kriteriet for å verte konfirmert er at ein er døypt. Dei aller fleste konfirmantar vart døypte som born. Nesten kvart år har me nokre konfirmantar som ikkje er døypt og dei fleste av dei vel å la seg døype før konfirmasjonen. Nokre ungdomar vel å vera med i konfirmanttida, men står over sjølve konfirmasjonsdagen.

 

Til høgre kan du velgje om du vil lesa meir om konfirmasjon på Voss, Evanger og i Raundalen eller på Oppheim og Vinje. 

 

 

Kalendar

Kontakt

Kateket Rønnaug Eng Skjeldal, e-post: kateket@voss.kyrkja.no, mob: 95 26 20 25.
Sokneprest Kjersti Brakestad Boge, e-post:
kapellan@voss.kyrkja.no, mob: 95 26 20 22.
Diakon Sigrid Djukastein Mala, e-post: diakon@voss.kyrkja.no, mob: 47 84 91 34.

20. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Voss kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando