Om gudstenester i Voss


Me kan no samle fleire til gudsteneste att! 
Her finn de ei kort forklaring på korleis me no gjennomfører gudstenester. 

 

Me kan no ta imot inntil 100 deltakarar på gudstenester. Dette talet er overstyrt av rommet. Det betyr at krav om avstand set grenser for kor mange me får plass til. Det betyr at me ikkje får plass til 100 deltakarar i alle kyrkjene. Me må enno halde minst 1 meter avstand, og ved allsong må me halde 2 meter avstand. 

Når de no kjem til gudsteneste vil det stå nokon i midtgongen som vil vise dykk til kvar de skal sitje. Alle får tilvist plass, og må sitje på denne plassen gjennom heile gudstenesta, utom ved dåp, nattverd, og ev toalettbesøk. Atlernativt kan det vere at det i nokon kyrkjer er avmerka plassar, då må ein sitje på den avmerka plassen, og ein kan ikkje sitje tettare. Same gjeld om det er stolar ein sit på, dei kan ein ikkje flytte. Dette høyres kanskje strengt ut, men det er nødvendig for at me skal kunne samlast til å feire gudstenester på ein trygg og god måte. 

Alle må framleis registrerast. De kan gjerne ta med ein lapp med dykkar namn og telefonnummer på, så går registreringa fortare. Møt gjerne opp litt tidleg også, så me har god tid til å finne plass til alle, og så me slepp trengsel ved inngongen. 

Vel møtt til gudsteneste! 
Hald dykk trygge og ta vare på kvarandre.

Tilbake