Velkomen til Supertysdag!


Her er informasjon om Supertysdag i Vonheim 

 

Mange på Voss har sakna treffpunkt for barnefamiliar. Kyrkja og KFUK-KFUM Voss har testa ut Superonsdag i løpet av skuleåret 2021-2022. Frå hausten 2022 vert dette tiltaket flytta til tysdag og heiter heretter SUPERTYSDAG.

Målet er å tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjartelig velkomne! Veldig kjekt om det kjem ungdom òg! Superonsdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne.

Arrangementet er gratis. 

Arrangementet føregår i og rundt Vonheim, og blir omtrent slik:

1: Middag blir servert mellom kl 16 og 16.45, kom når de kan etter jobb.
2: Etter det blir det litt felles leik for alle.
3: Så blir det eit "friminutt" for vaksne, med kaffi, noko søtt, og dagens tema som har tittelen: "Familien: Fantastisk kaos!"
Samtidig får borna litt meir aktivitet. (Sjølvsagt greit for vaksne å fylgje dei borna som treng det)
4: Etter det er det fri leik, meir kaffi-drikking og prat. Me har frisbee, fotball, leiker++
5: Rett før kl 18: Kort, felles avslutning med ein song og ei velsigningsbøn.

Me vonar at Supertysadg vil kunne legge til rette for nye vennskap og bygge bru mellom generasjonar, mellom gudstenester, open barnehage, trusopplæring og til andre fellesskap på Voss.

Hugs å informere om eventuelle allergier.

Spørsmål? Kontakt Vetle (ungdomsprest), tlf. 94 79 34 77. Me håpar at du og dine kjem!

For meir info, sjå Facebookeventen.

Helsing Ingrid (KFUK-KFUM Voss) og Vetle (Kyrkja).

Tilbake