T3 Undretur og T4 Utdeling av barnebibel for Oppheim og Vinje sokn


Me inviterer både tre- og fireåringane frå Oppheim og Vinje sokn til T-dag 25. sept. Velkomne!

 

T3 Undretur:

Treåringane er invitert til å undre seg i og verte kjende med kyrkja. Me skal vandre rundt og utforske heile kyrkja med flott kunst og gode symbol. Og så får me høyra og sjå på orgelet saman med organisten. Deretter deltek me på gudsteneste der fireåringane får utdelt "Bibelen for dei små". Treåringane får bilete av "kyrkja mi".

T4 Utdeling av barnebibel:

Dette er ei familiegudsteneste der alle tre- og fireåringar med familie er særskilt invitert. Fireåringane skal få kvar sitt eksemplar av "Bibelen for dei små". Bibelen har gode bileter og tekst som er tilpassa aldersgruppa.

Invitasjon til T3 finn de her

Invitasjon til T4 finn de her

Tilbake