Nye vedtekter for gravplassane i Voss Herad


Dei nye vedtektene for gravplassane i Voss herad er no godkjende av Bjørgvin bispedømeråd, og trer i kraft med det same.

 

Som del av arbeidet med å slå saman Granvin/Voss til nye Voss kyrkjelege fellesråd vart det òg laga nye vedtekter for gravplassane i heradet. Slike vedtekter skal godkjennast av bispedømerådet, og 13. mai 2020 kom denne godkjenninga. Dei nye vedtektene kan du laste ned i pdf her.

 

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I VOSS HERAD

Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21.

 

Vedtekne i Kyrkjeleg fellesnemnd for Granvin og Voss 04.09.2019.

Godkjende av Bjørgvin bispedømeråd 13.05.2020

 

§1. FORVALTING

Gravplassane i Voss herad er underlagt Voss kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons- og myndigheitsområde.05

 

§2. DEFINISJONAR

Friperiode: Dei fyrste 20 åra etter gravlegging i ny grav, der det ikkje betalast festeavgift.

Festegrav: Grav der det er inngått avtale om vidare leige etter friperioden, mot betaling av avgift.

Gravstad: Fleire graver som er festa saman med felles gravminne.

Urnegrav: Grav til askeurne, med plass til fire urner.

Kistegrav: Grav som er stor nok for kister

Kistegrav, dobbel djupn: Ekstra djup kistegrav, med plass for to kister. Vert nytta der grunnforholda tillét det.

Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan nyttast om att.

Festetid: Den tida det vert inngått avtale om leie av grav mot betaling av festeavgift.

Festar: Den som står ansvarleg for ei grav.

Namna minnelund: Minnelund med namn på gravlagde på felles minnesmerke.

 

§ 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE

Det etter ikkje høve til å nytta køyretøy på gravplassen utan etter løyve frå kyrkjeleg fellesråd.

Hundar skal haldast i band. Naudsynt køyring skal skje særleg omsynsfullt.

 

§ 4. GRAVPLASSTILHØYRE

Avlidne personar i heradet kan gravleggjast på den gravplassen i heradet som ein ønskjer.

Avlidne personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, har same rettar som heradet sine eigne innbyggjarar.

Avlidne personar frå andre kommunar kan gravleggjast i kommunen mot at kostnadene ved gravferda vert betalt. Det vert i dette høvet kravd festeavgift for fredingstida.

 


§ 5. FREDINGSTID OG FESTETID

Fredingstid for kistegraver er 20 år. Fredingstid for urnegraver er 20 år.

Festetida er 5 år.

Graver i namna minnelund kan festes på lik linje med andre graver på gravplassen.

 

§ 6. FESTE AV GRAV

Når kiste- eller urnegrav vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter særskild godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg, når det er bruk for det.  Desse gravene er då ein gravstad.

Der det ikkje er høve til graver med dobbel djupn har ein rett til å feste ei grav ved sida av, med same friperiode. Ei grav kan ikkje ha meir enn ein friperiode. Ei festa grav kan ikkje verte frigrav igjen, sjølv om den vert brukt på nytt.

Ei kistegrav vert framleis rekna som kistegrav sjølv om det vert sett ned urner i grava.

I namna minnelund kan det ikkje festast ei grav ved sida av.

Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan feste ikkje fornyast utan etter særskilt samtykkje frå kyrkjeleg fellesråd.

Når festetida er ute skal festaren varslast. Dersom festet ikkje er fornya innan seks månader etter varsling, fell gravstaden tilbake til gravplassen.

Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravlegging.

Festaren plikter å melde frå om endring av adresse. Overføring av feste skal skje skriftleg.

 

§ 7. GRAV OG GRAVMINNE

Når grav vert opna, kan jord leggjast på gravene omkring og gravminne kan mellombels flyttast. Kyrkjeleg fellesråd syter for at gravene vert sette i stand att og at den nye grava vert planert og tilsådd med gras.

Montering av gravminne kan fyrst skje etter at kyrkjeleg fellesråd har godkjent søknad om gravminne. Krav om godkjenning gjeld òg endringar og nye namneoppføringar, samt flytting av namn mellom gravminner (symbolsk flytting).

På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teken i bruk. Gravminnet skal ikkje sentrerast mellom to graver.

Gravminnet med tilhøyrande plantefelt er festar sin eigedom, og denne pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand. Etter avslutta gravfeste skal gravminnet fjernast av festar. Voss kyrkjelege fellesråd kan etter avtale fjerne gravminnet mot betaling.

 

§ 8. NAMNA MINNELUND

Avlidne sitt namn og fødsels/dødsår vert påført namneplate på felles minnesmerke. Namneplata kan ha inntil to namn. Namnet står på minnesmerket i 20 år og grava kan festast etter det, i samsvar med §3. Ved gravlegging i namna minnelund betalast det for namneplate og del av felles planting. Ein kan ikkje overføre namn frå andre graver til felles minnesmerke i namna minnelund (symbolsk flytting). Kyrkjeleg fellesråd tilviser plass i namna minnelund.

 

§ 9. PLANTEFELT

Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken omkring. Eventuell innramming må flukte med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn breidda på gravminnet. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet. Det kan ikkje plantast noko som vert høgare enn gravminnet eller vil gå ut over plantefeltet.

Dekorgjenstandar plasserast ved og på gravminne på eige ansvar, og må ikkje vere til hinder for vanleg vedlikehald og flytting av gravminne.

Det er høve til å tenne stearinlys eller oljelampe på grava, men slike og andre lause ting skal fjernast etter bruk. Ein må ta omsyn til brannfare ved bruk av levande lys.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i namna minnelund. Det kan leggjast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på stad tilvist av forvaltinga for gravplassen.

 

§ 10. PLANTEMATERIALE

Alt av planter, kransar og anna materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal kunne komposterast.

 

§ 11. STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for grava, har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvar for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt, skal såast til av den ansvarlege eller dei tilsette ved gravplassen.

Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd/kommunen, og den som får løyve til det etter §14, kan utføre planting og stell av grav (samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ein kvar tid gjeld.

 

§ 12. AVTALE OM STELL AV GRAV.

Mot at den ansvarlege for frigrav eller festet betalar ein fastsett sum, kan kyrkjeleg fellesråd ta over ansvaret for planting og stell i eitt eller fleire år. Det skal då signerast ein avtale om dette. Midlane vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Den innbetalte summen, med tillegg av renter, skal dekkje utgiftene til planting og stell i samsvar med avtalen, medrekna administrasjon og revisjon, for den fastsette tida. Midlane skal óg dekkje eventuell meirverdiavgift til staten, etter det som til ein kvar tid gjeld for kyrkjeleg fellesråd.

Det kan ikkje gjerast avtale som varer lenger enn den friperioden eller festetida som er att. Dersom dei økonomiske tilhøva endrar seg slik i avtaletida at midlane ikkje rekk til, skal kyrkjeleg fellesråd gje melding om dette til den som er ansvarleg for gravstaden. Det er då høve til å auke kapitalen slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje betalt inn det som trengst, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp. Eventuelt overskytande ved avslutta stell, tilfell Voss kyrkjelege fellesråd.

Kapitalen frå dei ulike avtalane vert forvalta i fellesskap og går inn i fellesrådet sin rekneskap. Det skal nyttast undersystem/ reskontro som til ei kvar tid held greie på bruk av og kva beløp som står att på dei ulike avtalane.

Det er også mogeleg å betale gravstell for eitt år om gongen.

 

§ 13. BÅREROM

Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Syning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.

 

§ 14. NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på gravplassen, skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver. Løyvet kan kallast attende dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld.

Dei tilsette på gravplassen kan ikkje utføre tenester for private eller næringsdrivande mot godtgjering. Dei kan heller ikkje engasjere seg i sal av varer og tenester som har med gravplassen å gjere.

 

§15. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE

Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje kvardagar (måndag – laurdag) i arbeidstida (kl 07-18) og må ikkje utførast på sundagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Dette inkluderer fjerning/montering av gravminner. Utanom arbeidstida skal det vere ro på gravplassen.

Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er heilt nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.

 

§16. BROT PÅ VEDTEKTENE

Ved brot på vedtektene kan Voss kyrkjelege fellesråd setje i verk naudsynte tiltak for festar si rekning.

 

§17. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE

I særlege høve kan Voss kyrkjelege fellesråd fråvike vedtektene i §6-7 og §15.

 

§18. IVERKSETJING

Vedtektene trer i kraft 01.01.2020, med atterhald om godkjenning i Bjørgvin bispedømeråd.

Tilbake