Me følgjer med på smittesituasjonen, sentrale tiltak og innstrammingar. Det endrar også vår kvardag.
Grunna korona-situasjonen i heradet vil Voss kyrkjekontor halde stengt inntil vidare.
Me er framleis tilgjengelege på telefon i arbeidstida. Mellom kl 09:00 og 15:00 kan du i vekedagane nå oss på 56 52 38 80.
Du kan også sende oss ein e-post: post.voss@kyrkja.no .
Ta gjerne kontakt med oss om du lurar på noko!
Sundag 10. og sundag 17. januar er alle gudstenester i Voss herad avlyst grunna nasjonale råd i samband med koronasituasjonen. Sjå meir om gudstenester her: Informasjon om gudstenester i Voss herad
T-dagar vil bli vurdert fortløpande. Der det ikkje er forsvarleg å gjennomføre av omsyn til smittevern vil me anten måtte avlysa eller endre tiltaket.