Fasteaksjonen 2024


Fasteaksjonen 2024


Støtt årets fasteaksjon! Her er informasjon om korleis aksjonen føregår i dei ulike sokna 

Dette skriv Kirkens Nødhjelp om fasteaksjonen:

"Nesten 800 millioner mennesker lever uten tilgang til rent vann i verden i dag pga. jordskjelv, tørke, flom, krig eller konflikt. Kirkens Nødhjelp jobber med akutt bistand i katastrofer og med langsiktige prosjekter for å redusere nød og fattigdom i verden. Vi jobber for fred og rettferdighet, og for å redde liv.

I fasteaksjonen samler vi inn penger til dette livsviktige arbeidet, med særlig fokus på tilgang til rent vann og de enorme ringvirkningene dette har for et menneske. Årets aksjonsdager er 17.-19. mars 2024."

(henta frå Kirkens Nødhjelp sine nettsider)

 

Granvin sokn:

Konfirmantane lagar ein plakat med informasjon om fasteaksjonen. Plakaten vert hengt opp på butikken i Granvin.

 

Oppheim og Vinje sokn:

Tysdag 12. mars (NB; legg merke til datoen): Bøssebærarane kjem frå kl. 17

 

Evanger og Bolstad sokn:

Måndag 18. mars: Bøssebærarane kjem frå kl. 15.00

 

Voss og Raundalen sokn:

Tysdag 19. mars:

Under årets fasteaksjon blir det sponsorløp i staden for dør-til-dør-aksjon. 
Aksjonen er obligatorisk for konfirmantar frå Voss og Raundalen sokn, men her kan òg alle andre delta!
Me skal gå eller løpe i 20 minutter. Rundane er ca 200 meter. Me startar frå Vonheim, ned mot Prestegardsmoen. Kvar og ein samlar sine eigne sponsorar blant familie, vennar og naboar. Sponsorane kan støtte deg med eit visst beløp per runde, eller med eit fastbeløp. 

Dei som vil springe fort og langt kan verkeleg få sette inn konkurransegiret, men her finst fleire moglegheiter: Det blir premiar både til dei som klarar å løpa inn mest pengar, som løpar flest rundar, har beste kostyme eller kjem seg rundt løypa på mest mogleg kreativ måte. Du treng altså ikkje springa for å delta. I tillegg trekk me vinnarar blant alle som deltek. 

I fjor samla konfirmantane inn over 90 000 kr(!) under Fasteaksjonen. Dette er pengar som har blitt nytta til reint drikkevatn og til arbeid blant menneske som er råka av krig og konflikt rundt om i verda. Kor mykje klarar me å samla inn i år? Det kjem an på kor mange sponsorar kvar og ein klarar å samlasmiley. Både konfirmantar, og alle barn og vaksne på Voss kan delta og samle eigne sponsorar! Men det er berre barn og ungdom som kan vinne premiarwink.

1. Alle konfirmantar og alle andre som skal delta klikker seg inn her og lagar ein brukar: https://fasteaksjonen.sponsorchallenge.no/challenge...
2. Deretter legg du sjølv inn sponsorane du klarar å samle. Klikk «lagre». 
3. På løpsdagen får du eit løpsnummer på magen og hjelp til å telje rundar
4. Når løpet er over logger du deg inn igjen og registrer kor mange rundar du løp/gjekk.
5. Så sender du sjølv ut sms med betalingsinfo til sponsorane dine. Sjå under «Betaling» inne på brukaren din. 

 

13. mars kl 19.30 i Vangskyrkja er det inspirasjonssamling for alle konfirmantar og foreldre/føresette. Her kjem og infoen om årets konfirmasjonar.

 

Program for dagen 19. mars:
18.00 – Åpningssamling m/nummerutdeling. Utanfor Vonheim ved godt vêr. Inne om det regnar.
18.30 – Startskuddet går, 200 meter rundar. 
18.50 – Løp ferdig, registrering av rundar, levering av løpsnummer
19.00 - Kafè i Hålo: Gratis kaffi, og noko å bita i (konfirmantforeldre og andre stiller med pizzaboller og kaker)
19.30 – Premieutdeling og avslutning
20.00 – Slutt, velsigninga og nedrigg

I tillegg til sponsorløp er det mogleg for folk å gi til Fasteaksjonen som før på:
Vipps: 2426
SMS: VANN til 2426 (300kr)
Fasteaksjonskonto: 1594 22 87493

Spørsmål? Kontakt ungdomsprest Vetle på vl555@kyrkja.no.

Tilbake