Oransje veke i fastetida


Oransje veke i fastetida


Kjære Gud, du som skaper alle menneske i ditt bilete. Lat oss sjå kvarandre slik du ser oss, så vi ikkje vert freista til å laga skilje mellom oss og dei andre. Hjelp oss så vi kan bidra til at alle menneske får dei grunnleggjande rettane sine til vatn, mat og tryggleik.

Kirkens Nødhjelp har laga ei bøn til kvar veke i Fastetida. Kvar veke har fått sin farge og si bøn. Den andre veka er oransje. I løpet av tida fram mot påske vil me delta i Kirkens nødhjelp sin digitale fasteaksjon.

Konfirmantane går vanlegvis rundt med bøsser og samlar inn pengar slik at Kirkens nødhjelp mellom anna kan bygge brønnar slik at fleire menneske i verda kan få reint vatn. Dette er alltid viktig. Og no som kornapandemien herjar er det, om mogleg, enda viktigare. Det kjem meir info om korleis fasteaksjonen vert på Voss.

Foto: Jason J. Mulikita/Fairpictures

Tilbake