Grøn veke i fastetida


Kjære Gud, takk for at du har gitt oss evnen til å håpe. La oss bruke håpet til å skape forandring i oss og rundt oss. Gje oss mot til å ta vare på skaparverket ditt også når det kostar. Gje krefter og kreativitet og heilagt utålmod.

 

Kirkens Nødhjelp har laga ei bøn til kvar veke i Fastetida. Kvar veke har fått sin farge og si bøn. Den fjerde veka er grøn. I løpet av tida fram mot påske vil me delta i Kirkens nødhjelp sin digitale fasteaksjon.

Konfirmantane går vanlegvis rundt med bøsser og samlar inn pengar slik at Kirkens nødhjelp mellom anna kan bygge brønnar slik at fleire menneske i verda kan få reint vatn. Dette er alltid viktig. Og no som kornapandemien herjar er det, om mogleg, enda viktigare. Det kjem meir info om korleis fasteaksjonen vert på Voss.

Foto: Hilina Abebe/Kirkens nødhjelp

Tilbake