Me kan no samle fleire til gudsteneste og ta imot fleire til kyrkjelege handlingar.
Her finn de informasjon om gjeldande reglement.
Me kan no ta imot fleire enn 100 deltakarar på gudstenester og kyrkjelege handlingar. Dette talet er overstyrt av rommet. Det betyr at krav om avstand set grenser for kor mange me får plass til. Derfor vil det vere vanskeleg å få plass til 100 deltakarar i alle kyrkjene, også Vangskyrkja. Me må enno halde minst 1 meter avstand, dette gjeld også ved allsong.
Me kan no ta imot folk til gudstenester utan faste tilviste plassar. Men framleis med ein meter avstand. Likevel kan det vere det står nokon i midtgongen og viser plass når de kjem til gudsteneste, dette for å gjere gudstenestene så trygge som råd. Alle må sitje på plassen sin gjennom heile gudstenesta, utom ved dåp, nattverd, eller toalettbesøk, og ved andre høve der presten gjev beskjed.
I nokon kyrkjer kan det vere avmerka plassar, då må ein sitje på den avmerka plassen, og ein kan ikkje sitje tettare enn merkinga. Same gjeld om det er stolar ein sit på, dei kan ein ikkje flytte. Dette høyres kanskje strengt ut, men det er nødvendig for at me skal kunne samlast til å feire gudstenester på ein trygg og god måte.
Alle må framleis registrerast. De kan gjerne ta med ein lapp med dykkar namn og telefonnummer på, så går registreringa fortare. Møt gjerne opp litt tidleg også, så me har god tid til å finne plass til alle, og så me slepp trengsel ved inngongen.
Prest er ansvarleg for at gudstenester og kyrkjelege handlingar blir gjennomført i samsvar med gjeldande smittevernreglement. Spør prest om de er usikre.
Vel møtt til gudsteneste!
Hald dykk trygge og ta vare på kvarandre.