Velkomen til påskevandringsgudsteneste!
Gudstenesta blir ei "vandring" gjennom påskeveka på omlag ein time. Det vert fire postar som symboliserer dei ulike dagane og hendingane i denne høgtida. Me byrjar utanfor Vangskyrkja med palmegreiner til palmesøndag. Vidare går ferda mot Vangsvatnet til skirtorsdag og til steinkrossen utanfor Vonheim for langfredag. Me avslutter med påskedag utanfor Kyrkjetunet (Uttrågata 5). Du vil òg få synge kjende påskesongar.
Vandringa passar for alle aldre, og fleire stasjonar er spesielt tilpassa born og ungdom.
Etterpå blir det kaffi, saft og noko å bite i utanfor Kyrkjetunet.
Håpar å sjå DEG! Helsing Anders, Rønnaug, Camilla og Vetle for Voss Sokn.