Arbeid rundt Granvin kyrkje


Rundt Granvin kyrkje har det  siste tida vore gjort arbeid med å kutte greiner som hang ut over vegen.

 

Foto: Randi Kløve

Statens vegvesen påpeika at greiner tok bort i større kjøretøy i svingen ved kyrkja.

Dette har no vorte starten på ei større opprusting, der me skal stelle og fornye ein del av trea rundt kyrkja.

Trepleiarar har vore på synfaring, og me ser for oss eit arbeid med beskjæring og stell av dei fleste trea, og felling av nokre få.

Når me no har bestemt oss for å felle nokre av trea, så er det av di dei gjer skade på kyrkjegardsmuren, og har kome til enden av det naturlege livslaupet. Me har sett på storleiken på greinene, og funne ut at kuttflatene ved beskjæring er så store at trea vil ta skade av arbeidet. Difor må me fjerne dei aktuelle trea.

Trea skal i stor grad verte erstatta av nye, slik at me får behalde skjerminga av gravplassen så godt det let seg gjere.

 

Tekst: kyrkjeverje Svein Tøsse

Tilbake