Andakt palmesundag


Andakt palmesundag


Sundagspreika til palmesundag er skriven av Anders Hove sokneprest for Voss sokn. 
Tekstane for palmesundag og resten av påska finn du her: Tekstane for kyrkjeåret
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.

Her er også påskehefte me har laga på Voss, med tekstar, spørsmål til ettertanke og refleksjon, og salmar for påskeveka: PÅSKEHEFTET

Å vite kva ein går til 

Når me tenkjer om palmesundag er det nok mest nærliggande for oss å tenkje på palmegreiner, song, jubel, glede og fest. Ikkje sinne og irettesetting, slik det er i teksten for palmesundag i år.

Me møter ikkje Jesus ridande på ein eselfole, men på besøk hjå Simon, i Betania. Han er nok på veg til Jerusalem, men har tatt ein stopp. Medan han var her vart han salva. Dette vakte oppsikt.

Salva var kostbar, og det vekte oppsikt. Men Jesu ord om at dei fattige alltid er mellom oss, er ikkje for å seie at me ikkje skal hjelpe dei som treng det. Tvert om, dei fattige treng alltid vår hjelp og omtanke – slik Jesus trengde akkurat her. Det som kvinna gjorde denne dagen, det kunne aldri gjerast att. For Jesus veit kva han går mot. Han veit kva denne salvinga betyr. Jesus blir salva til teneste. Me veit ikkje kva kvinna har tenkt om salvinga. Men me høyrer kva Jesus seier, og så veit me kva det betyr.

Salving var vanleg å gjere når nokon skulle gravleggast, som Jesus også seier. Jesus visste han skulle døy, han skulle døy som ein forbrytar, like før sabbaten, slik at han ikkje kunne salvast før gravlegginga på vanleg måte. Kor viktig denne salvinga av den døde er kan me også forstå utifrå at kvinnene er på veg mot grava så snart det lysna av dag etter sabbaten – men den salvinga vart ikkje noko av, for dei kom til ei tom grav.

Salving vart også brukt til velsigning og vigsling. I Det gamle testamentet var det vanleg at både konge, prest og profet vart salva. Slik kan me også tolke kvinna si handling denne dagen: Jesus blir salva som Messias, som konge og frelsar!

Jesus visste kva han gjekk mot. Difor tolkar han det som skjer på ein annan måte enn både læresveinane og kvinna. Han veit han går mot oppstode, men klårast for seg ser nok Jesus kross og pine.

Me veit også kva me går mot, enno ei påske prega av ein pandemi. Men me går uansett mot påske. Og me har det klårt for oss, at påska endar ikkje i langfredags død og mørker, me veit me går mot lys og liv påskedag.

Men så kan me hugse ein annan ting av denne palmesundagen: normalt handlar palmesundag om Jesus som kjem ridande på ein eselfole. Han vart tatt imot som ein konge, men kom som ein tenar. Denne palmesundagen løftar fram at Jesus let sitt liv bli til teneste for Gud og for oss, så me kan få liv, og så me kan få kome til Gud. Fokuset denne palmesundagen er med andre ord snudd: Jesus rir ikkje oss i møte, men minner om at Han har opna himmelen for oss.

Jesus visste kva han gjekk i møte den påska. Men me veit også kva me går i møte med denne påska, men og kvar dag i vårt liv: Me skal få gå Jesus i møte, og møte Han som den oppstadne, møte Han som er liv og som gjev sitt liv for oss.

God palmesundag!

Dagens bøn palmesundag
Jesus Kristus, audmjuke konge,
du kom til oss, fornedra og fattig.
Vi bed deg:
Forson oss med Gud og med kvarandre.
Lær oss å gje avkall på vårt eige og følgja deg,
du som med din Far og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.

Takkoffer:
Takkofferet i Vangskyrkja går til kyrkjelydsarbeidet: bruk VIPPS 127376
Takkofferet i Evanger går til Fasteaksjonen: bruk VIPPS 645836

Tilbake