Andakt Langfredag


Sundagspreika til Langfredag er skriven av Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss prosti. 
Tekstane for palmesundag og resten av påska finn du her: Tekstane for kyrkjeåret
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.

Her er også påskehefte me har laga på Voss, med tekstar, spørsmål til ettertanke og refleksjon, og salmar for påskeveka: PÅSKEHEFTET

 

 

I 1982 vart den polske fransiskanarpresten Maximillian Kolbe helgenkåra av pave Johannes Paul II på Petersplassen. Til stades var den tidligare polske sersjanten Franciszek Gajownisczek. Den viktigaste bakgrunnen for helgenkåringa var ei hending frå konsentrasjonsleiren Auschwitz. Kolbe vart fengsla mellom anna fordi han gøymte jødar.

Ein dag i 1941 vart det rapportert om at ein fange hadde rømt. Til straff vart det gitt ordre om at 10 fangar skulle lide sveltedøden. Mellom dei som vilkårleg vart peika ut var den den polske sersjanten Franciszek Gajownisczek. Han skreik ut: Kvifor skal det gå slik for kona mi og borna mine? No kjem eg aldri til å sjå dei meir. Då stod Kolbe fram med desse orda: Eg er ein polsk, katolsk prest. Eg vil gjerne ta hans plass fordi han har kone og barn. Kolbe døydde ikkje av svolt, men vart henretta 14 dagar seinare. Den polske sersjanten traff kona si att i april 1945.

Kolbe levde i ei tid og på ein plass med ekstrem vondskap. Det var ei tid då eit menneskeliv, for mange, var utan verdi. I konsentrasjonsleirane var det berre om å gjera å overleva.

Kolbe møtte sine medfangar som sin kyrkjelyd. Han bad for dei og med dei. Han song salmar for å halde motet deira oppe. Så kom då denne dagen då han valde å setje kjærleiken framfor hatet. Han baud fram det største han hadde, sitt eige liv. Han sette menneskeverdet høgast i ei tid og på ein plass der det dagleg vart trakka ned. Han sette inn livet sitt og berga livet til ein familiefar.

Så har me langfredag. Det er lett å få auge på likheitstrekk med Kolbe sitt val og foreljinga om Jesu liding og død på krossen. Jesus levde også i ei tid då eit menneskeliv ikkje var mykje verd. Menneskeverdet vart krenkt kvar dag. Rettsvesenet var ikkje til å stola på og vonde krefter gjorde seg gjeldande. Dette vart Jesus offer for. Me les at det var av misunning dei ville ta Jesus av dage. Den øvste ansvarlege for rettsprosessen sa: eg finn ikkje noko å dømma han for. Då skulle Jesus bli slept fri. Men sterke krefter hadde lagt Jesus for hat. Dei egga opp folkemengden for å få Jesus krossfest. Trass i at han ikkje hadde gjort noko lovbrot, så vart har han dømt til døden på krossen..

Jesus snakka fleire gongar om at han skulle døy og stå opp att. Peter ville ein gong tala Jesus til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.» Jesus svara: «Vik bak meg, Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.» Og i Getsemane hage ba Jesus: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil. Berre som du vil.» Jesus seier då to gonger at hans død på krossen har med Guds vilje å gjera. Det er Jesu kall og oppgåve. Men kva vil Gud med dette?

I Det gamle testamentet står det om ein Guds tenar som lider for andre.  Slik står det hjå profeten Jesaja 53, 4 – 5: Sanneleg, våre sjukdommar tok han, våre smerter bar han. Vi tenkte: han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte.

Her er altså ein som tek andre sine sjukdommar, smerter, brot, synder og straff på seg. Så gir han i staden fred og lækte sår. Dei første kristen kjende godt til dette bibelverset. Det hadde ikkje vore lett å skjøna kven det denne lidande tenaren var. Men no såg dei profetordet som oppfylt med Jesu død på krossen. Guds vilje var å gje alle menneske fred og lækte sår. Jesus tok plassen til brotsmenn og syndarar og leid døden på krossen.

Eit liknande byte kjem også til uttrykk hos Paulus i 2. Kor 5,21: Han som ikkje visste av synd har Gud gjort til synd, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.

Det er Jesus som ikkje visste av synd. Det vil seie at han var rettferdig for Gud. Men Gud gjorde han til synd. Det vil seie at han vart identifisert med synda i verda. På den måten har syndarar fått ny mogelegheit til å bli rettferdige for Gud. Det er å byte med Jesus. la han få din plass, så får du hans. Då har me fått fred og er lækte.

Krossen er det viktigaste symbolet i den kristen trua. Det var eit grusomt torturmiddel. Men det er eit bodskap til oss om ein ny mogelegheit. Hjå Gud er det alltid eit tilbod om eit byte. Paulus skriv i 1.Kor 2,2: Eg vil ikkje vita om noko anna hos dykk enn Jesus kristus og han krossfest. Det skal me halde fast på.

Lær min sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender
Opptil deg på krossen, du.

Jakob Sande. Norsk salmebok 138

Dagens bøn Langfredag:
Evige, nådige Gud,
du sende Son din for å lida og døy for vår skuld. Vi bed deg:
Opna hjarta våre for gåtene i Kristi kross.
Lat krossen bli teiknet på håp
i ei verd merkt av liding og vondskap,
ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre,
som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.

Takkoffer:
Takkofferet i Vinje skulle gått til kyrkjemusikalsk arbeid lokalt, bruk VIPPS 509236
Det var ikkje satt opp takkoffer i dei andre kyrkjene, men vipps gjerne til fasteaksjonen på 2426, eller Kirkens sos på 216000

Tilbake