Andakta til 2.påskedag er skriven av Anders Hove sokneprest for Voss sokn.
Tekstane for 2. påskedag og resten av påska finn du her: Tekstane for kyrkjeåret
Inne på Bibel.no kan du lese frå heile bibelen, du kan lese ord for dagen, og finne bibelvers som passer for kva ein kjenner på og bêr på.
Her er også påskehefte me har laga på Voss, med tekstar, spørsmål til ettertanke og refleksjon, og salmar for påskeveka: PÅSKEHEFTET
Hevenu shalom aleichem!
Den andre påskedag er ein dag som ikkje blir feira i stor grad. Forklaringa er enkel: Det er ikkje alle stader ein får til å ha gudsteneste 1.påskedag, og då skal 1. dagen feirast 2. dag. Dette gjeld for nokon av kyrkjene i vårt herad, og det er berre i Vangskyrkja ein har pleidd å feire 2.påskedag.
Det er ein dag då det usikre og ukjende framleis rår. Tekstane frå påskeforteljinga som blir lest denne dagen har ikkje gått vidare frå 1. påskedag, men dei har gått vidare i fortellinga. Læresveinane veit ikkje kva som skjer. Dei veit Jesus ikkje er i grava, kvinnene har sagt han er stått opp, og somme har fortald om at dei har møtt han. Men mest er dei nok redde. I denne frykta møter Jesus dei. Bak stengde dører står han foran dei med ei helsing om fred.
Eg hugsar ein song eg lærte meg som liten. Det kan vere eg hugsar feil, men eg meiner eg lærte denne songen av far min etter at han og dei andre prestane i prostiet hadde vore på studietur til Israel.
Teksten var enkel, «Hevenu Shalom Aleichem!». Eg fekk vel høyre kva det betydde, men for meg som ein liten gut var det nok mest spanande med denne teksten på eit framand språk, meir spanande enn kva det betydde. Likevel fekk eg det med meg: «Det er Guds fred eg vil gje deg!»
Me kjenner kanskje ordet «Shalom» som ei helsing, det er framleis ei vanleg jødisk helsing. Ordet betyr «fred» og er kortforma av helsinga «Shalom Aleichem», på norsk: Fred vere med deg/dykk!
Jesus møter læresveinane denne kvelden med fred. Kanskje sa han «Shalom»? Læresveinane visste nok ikkje heilt kva dei skulle gjere. Somme av dei var på veg heim, som dei Jesus hadde gått med til Emmaus. Men «dei elleve», dei næraste læresveinane sat nok kanskje bak lås og slå i frykt for kva som no skulle skje. Kanskje var dei redde for at dei sjølv stod for tur?
I denne frykta står Jesus for dei, midt mellom dei og bak stengde dører, står han føre dei som den levande. Dei treng, og får, fleire teikn, både på at det er Jesus dei ser og at han er meir enn ein ånd: Han er levande, han et og er fysisk mellom dei. Men viktigare er ordet han møter dei med: fred.
Jesus kjem med fred, og kan også kome til oss med fred. Ikkje den fred verda gjev, men ein annan (Joh 14,27).
Jesus har skapt fred mellom Gud og menneske. Ein fred for hjarte og sjel, som kan nå oss alt no og bere oss gjennom livet, gjennom døden og gjennom oppstoda.
Jesus møter oss slik han møter læresveinane, som den oppstadne Herre og frelsar; som den levande. Og ved hans død og oppstode kan me få ta imot den fred berre Han kan gje, og ta imot det liv Han gav for oss. Og me kan ta imot han slik læresveinane tok i mot han: I undring, i glede, i tru møter han oss og vil gje oss Guds fred.
Velsigna påske!
Hevenu shalom aleichem!
Dagens bøn 2. påskedag:
Oppstadne Frelsar, Jesus Kristus,
du viste deg for menneske som var blinda av sorg.
Vi bed deg:
Kall oss ved namn, bryt brødet og skjenk vinen,
så vi kan kjenna deg att og jubla over at du lever og er midt iblant oss,
du som med din Far og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen.
Takkoffer:
Takkofferet i Vangskyrkja går i dag til Kirkens SOS Bjørgvin, bruk VIPPS 505877
Takkofferet i Granvin går i dag til Blå Kors Norge, bruk VIPPS 530947