Er du ein god relasjonsbyggjar som ynskjer å arbeide tett med frivillige?
Me ynskjer å tilsetje deg som kan vere med og vidareutvikle det diakonale arbeidet i dei seks sokna våre.
Innafor det diakonale arbeidet har me i dag besøksteneste, samtaletilbod, sorgarbeid, samarbeid med frivillige, seniortreff, misjonsarbeid og andaktar på institusjonane. Me har også eit breitt tilbod innan trusopplæring for born og unge, og gode musikalske krefter.
Vår diakon, kantoren, prestane, trusopplærarane og administrasjonen har kontor på Kyrkjetynet i Uttrågata 5, ved Vangskyrkja.
For meir informasjon og for å søke på stillinga, trykk på linken under.
https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4375842127?link_source_id=0