Velkomen til Superonsdag 5.mai!


Her er informasjon om, og påmelding til, Superonsdag i Vonheim 5.mai.

 

Mange på Voss saknar treffpunkt for barnefamiliar, ikkje minst i tida me framleis er i. Kyrkja og KFUK-KFUM Voss vil teste ut eit nytt konsept: Superonsdag!

Målet er å tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjartelig velkomne! Veldig kjekt om det kjem ungdom òg! Superonsdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne.

Arrangementet er gratis. Før sumaren er maten òg gratis.

Arrangementet føregår ute, og blir omtrent slik:

1: Middag blir servert mellom kl 16 og 16.45, kom når de kan etter jobb.
2: Etter det blir det litt felles leik for alle (med avstand).
3: Så blir det eit "friminutt" for vaksne, med kaffi, noko søtt, og dagens tema som har tittelen: "Familien: Fantastisk kaos!"
Samtidig får borna is og litt meir aktivitet. (Sjølvsagt greit for vaksne å fylgje dei borna som treng det)
4: Etter det er det fri leik, meir kaffi-drikking og prat. Me har frisbee, fotball, leiker++
5: Rett før kl 18: Kort, felles avslutning med ein song og ei velsigningsbøn.

Me vonar at Superonsdag vil kunne legge til rette for nye vennskap og bygge bru mellom generasjonar, mellom gudstenester, open barnehage, trusopplæring og til andre fellesskap på Voss.

Hugs å informere om eventuelle allergier.

Spørsmål? Kontakt Vetle (ungdomsprest), tlf. 94 79 34 77. Me håpar at du og dine kjem!

Ta gjerne med eigne sitteplater, vannflaske og kopp. Viss du gløymer, så har me.

Me fylgjer gjeldande reglar for smittevern, og har du eller dine (sjølv milde) symptomar må du diverre halde deg heime.

For meir info, sjå Facebookeventen.

Helsing Ingrid (KFUK-KFUM Voss), Camilla og Vetle (Kyrkja).

Trykk på teksten nedanfor for å melde på, arrangementet er gratis, men me må ha oversikt over deltakrar av omsyn til ev smittesporing:
PÅMELDING TIL SUPERONSDAG!

Tilbake