Her er informasjon om Supertysdag i Vonheim
Supertysdag er eit treffpunkt for barnefamiliar på Voss, i regi av Kyrkja og KFUK-KFUM.
Målet er å tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjartelig velkomne! Veldig kjekt om det kjem ungdom òg! Supertysdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne.
Arrangementet føregår i og rundt Vonheim, og blir omtrent slik:
1: Middag, hamburgar, blir servert frå kl. 15:45.
2: Felles aktivitet for store og små
3: Skattekista og leik for born, sofakrok for småtassar
4: Input om foreldrerolla og kaffidrøs for dei vaksne,
5: Fri leik og felles avslutning
Me vonar at Supertysadg vil kunne legge til rette for nye vennskap og bygge bru mellom generasjonar, mellom gudstenester, open barnehage, trusopplæring og til andre fellesskap på Voss.
Middagspåmelding i Facebookgruppa "Supertysdag på Voss - foreldregruppe".
Pris: Middag (30/20 kr, max 100 pr familie) vippsast når ein kjem. Borna kan meldast inn i Supertysdag og får då gratis middag.
Hugs å informere om eventuelle allergier.
Spørsmål? Kontakt Vetle Leksbø (ungdomsprest), tlf. 94 79 34 77. Me håpar at du og dine kjem!
For meir info, bli med i Facebookgruppa: "Supertysdag på Voss- foreldregruppe"