Tekstar til vigsel


Skriftlesingar ved Vigsels- og forbønsliturgi 2017:

2-4 av dei følgjande tekstane eller andre høvelege skriftlesingar, minst éi frå kvart av dei to
testamenta skal lesast. Skriftlesingane kan lesast av medlemmer av bryllaupsfølgjet. Dei som skal lesa,
går samla fram til lesepulten.
Paret og kyrkjelyden sit under lesinga.

A Det står skrive i Første Mosebok: 
(Denne teksten er fast lesetekst ved bruk av liturgien frå 2003)

Og Gud skapte mennesket i sitt bilete,
i Guds bilete skapte han det,
som mann og kvinne skapte han dei.
Gud velsigna dei og sa til dei:
«Ver fruktbare og bli mange,
fyll jorda og legg henne under dykk!» 1 Mos 1,27-28a

B Det står skrive i Første Mosebok:

Då sa Herren Gud:
«Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine.
Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» 1 Mos 2,18

C Det står skrive i Ruts bok:

Der du går, vil eg gå,
og der du bur, vil eg bu.
Ditt folk er mitt folk,
og din Gud er min Gud.
Der du døyr, vil eg døy,
og der vil eg bli gravlagd. Rut 1,16b-17a

D Det står skrive i Salmane:

Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.

For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
Du dukar bord for meg framfor mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.

Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider. Sal 23

E Det står skrive i Salmane:

Den som sit i skjul hos Den høgste
og finn nattely i skuggen av Den veldige,
han seier til Herren: «Mi tilflukt og mi borg,
min Gud som eg set mi lit til!»
Under hans venger kan du søkja ly,
med fjørene dekkjer han deg.
Hans truskap er skjold og vern.
«Du, Herre, er mi tilflukt.»
Den høgste har du gjort til din bustad. Sal 91,1-2.4.9

F Det står skrive i Salmane:

Rop med jubel for Herren, all jorda!
Ten Herren med glede,
kom fram for han med jubel!
Kjenn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, vi er hans,
vi er hans folk og den flokken han gjeter.

Kom gjennom portane hans med takkesong,
inn i føregardane med lovsong!
Lov han, velsign hans namn!
Herren er god, evig er hans miskunn,
hans truskap varer frå slekt til slekt. Sal 100

G Det står skrive i Salmane:

Velsign Herren, mi sjel!
Alt som i meg er, velsign hans heilage namn.
Velsign Herren, mi sjel!
Gløym ikkje alt det gode han gjer.

Han tilgjev all di skuld
og lækjer alle dine sjukdomar.
Han friar ditt liv frå grava
og kronar deg med miskunn og kjærleik.
Han mettar ditt liv med det gode,
du blir ung att som ørna. Sal 103,1-5

H Det står skrive hos Forkynnaren:

Det er betre å vera to enn éin,
Dei får god løn for sitt strev.
For om dei fell, kan den eine
hjelpa den andre opp.
Om éin blir overvunnen,
kan to halda stand.
Ein tretvinna tråd
slitnar ikkje så fort. Fork 4,9-10a.12

I Det står skrive i Høgsongen:

Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort.
Der står han bak muren vår.
Han gløtter inn gjennom vindauga,
kikkar inn gjennom gitteret.

Kjærasten tek til orde og seier:
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom!
Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg,
at meg få sjå deg,
lat meg få høyra røysta di!
For røysta er mjuk og skapnaden vakker. Høgs 2,9-10a.13b-14

J Det står skrive i Høgsongen:
Denne lesinga kan bli lest av ein tekstlesar eller av kvinne (I) og mann (II).

I Høyr, det er kjærasten,
der kjem han, springande over fjell,
hoppande over haug.
Kjærasten liknar ein gasell, ein ung hjort.
Der står han bak muren vår.
Han gløtter inn gjennom vindauga,
kikkar inn gjennom gitteret.
Kjærasten tek til orde og seier:

II Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom!
No er vinteren over, regnet er forbi, det er borte.
Landet blir dekt av blomar.
Songtida er her, turteldua kan høyrast i landet.
Frukta på fikentreet mognar,
og blomen på vinstokken angar.
Stå opp, mi kjære, mi vakre jente, og kom!
Mi due i fjellkløfta, i livd under bratte berg,
lat meg få sjå deg, lat meg få høyra røysta di!
For røysta er mjuk og skapnaden vakker.

I Kjærasten er min, og eg er hans,
han som gjeter mellom liljene.
Heilt til dagen blæs skuggane bort,
spring som gasellen, kjærasten min,
som ein ung hjort over kløfter og fjell!

I/II Set meg som eit segl på hjartet ditt,
eit stempel på armen din!
For kjærleiken er sterk som døden,
lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.
Han brenn som logande eld,
ein Herrens loge.
Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,
elvar skyl han ikkje bort. Høgs 2,8-14.16-17 + 8,6-7a

K Det står skrive i Høgsongen:

Set meg som eit segl på hjartet ditt,
eit stempel på armen din!
For kjærleiken er sterk som døden,
lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.
Han brenn som logande eld, ein Herrens loge.
Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken, elvar skyl han ikkje bort. Høgs 8,6-7a

L Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Jesus sa: De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft,
korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko;
dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.

De er lyset i verda!
Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.
Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar.
Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.
Slik skal lyset dykkar lysa for folk,
så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar
og prisa Far dykkar i himmelen! Matt 5 13-16

M Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Jesus sa: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka,
eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?
Sjå på fuglane under himmelen!
Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus,
men Far dykkar i himmelen før dei likevel.
Er ikkje de mykje meir enn dei?

Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?
Og kvifor er de urolege for kleda?
Sjå liljene på marka, korleis dei veks!

Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk:
Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon,
kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!

Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’
eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’
For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.
Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.
Kvar dag har nok med si møde. Matt 6,25-34

N Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Jesus sa: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna.
Bank på, så skal det latast opp for dykk.
For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn,
og den som bankar på, skal det latast opp for.
Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei.
For det er dette lova og profetane seier. Matt 7,7-8.12

O Det står skrive i evangeliet etter Matteus:

Jesus sa: Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier,
liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.
Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset.
Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. Matt 7,24-25

P Det står skrive i evangeliet etter Matteus:
(Denne teksten er fast lesetekst ved bruk av liturgien frå 2003)

Jesus sa: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet
skapte dei som mann og kvinne og sa:
‘Difor skal mannen forlata far og mor
og halda fast ved kvinna si,
og dei to skal vera éin kropp’?
Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.
Og det som Gud har bunde saman,
det skal ikkje menneske skilja.» Matt 19,4-6

Q Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre.
Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.
På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar:
at de har kjærleik til kvarandre.» Joh 13,34-35

R Det står skrive i evangeliet etter Johannes:

Jesus sa: Som Far har elska meg, har eg elska dykk.
Ver i min kjærleik!
Held de boda mine, er de i min kjærleik,
slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.
Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk
og gleda dykkar kan bli fullkomen.
Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

Joh 15,9-12[-17]

S Det står skrive i Paulus’ brev til romarane:

For eg er viss på at verken død eller liv,
verken englar eller krefter, verken det som no er
eller det som koma skal, eller noka makt,
verken det som er i det høge eller i det djupe,
eller nokon annan skapning,
skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre. Rom 8,38-39

T Det står skrive i Paulus’ første brev til korintarane:
Kapitlet kan lesast i sin heilskap eller i utdrag.

Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik,
då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.
Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik,
då har eg ingen ting vunne.

Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,
misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.
Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,
er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.
Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.
Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.

Kjærleiken tek aldri slutt.
Profetgåvene skal bli borte, tungene skal teia og kunnskapen forgå.
For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.
Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, ta ende.

Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.
Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

No ser vi i ein spegel, i ei gåte, men då skal vi sjå andlet til andlet.
No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut,
liksom eg fullt ut er kjend av Gud.
Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
Og størst av dei er kjærleiken.1 Kor 13

U Det står skrive i Paulus’ brev til galatarane:

De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus.
For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus.
Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri,
her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. Gal 3, 26-28

V Det står skrive i Paulus’ brev til efesarane:

Difor bøyer eg mine kne for Far,
han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.

Må de bli oppfylte med heile Guds fylde! Han som verkar i oss med si kraft
og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar,
han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus gjennom alle slekter og i alle æver!
Amen. Ef 3,14-21

W Det står skrive i Paulus’ brev til filipparane:

Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden,
om det finst medkjensle og miskunn, så gjer mi glede fullkomen:
Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn.
Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære,
men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve.
Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre.
Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! Fil 2,1-5

X Det står skrive i Paulus brev til filipparane:

Gled dykk alltid i Herren!
Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk!
Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær.
Ver ikkje urolege for noko!
Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud
i bøn og påkalling med takkseiing.
Og Guds fred, som går over all forstand,
skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Til slutt, sysken:
Alt som er sant, og alt som er ære verdt,
alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska,
og alt som er verdt å akta, ja, alt som er til glede
og alt som fortener ros, legg vinn på det! Fil 4,4-8

Y Det står skrive i Johannes`første brev:

Mine kjære, lat oss elska kvarandre,
for kjærleiken er frå Gud,
og kvar den som elskar, er fødd av Gud
og kjenner Gud.
Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud,
for Gud er kjærleik.

I dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss,
at han sende sin einborne Son til verda
så vi skulle ha liv ved han.
Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud,
men at han har elska oss
og sendt sin eigen Son til soning
for syndene våre.

Mine kjære, har Gud elska oss så,
då skyldar òg vi å elska kvarandre.
Ingen har nokon gong sett Gud,
men dersom vi elskar kvarandre,
blir Gud verande i oss,
og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.1 Joh 4, 7-12

Følgande to tekstar er faste lesetekstar ved bruk av liturgien frå 2017. Om ein brukar liturgien frå 2003 vert disse to tekstane valbare: 

Det står skrive i Salmane:

Kor verdfull din kjærleik er, Gud!
I skuggen av dine venger søkjer
menneskeborna ly.
Dei får nyta overfloda i ditt hus,
du lèt dei drikka av gledebekken din.
For hos deg er livsens kjelde,
i ditt lys ser vi lys. Sal 36,8‒10

Lat oss høyra kva Guds ord seier om kjærleik og truskap:

Kled dykk difor i inderleg medkjensle
og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,
så de ber over med kvarandre
og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for.
Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.
Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik,
det bandet som bind saman
og gjer fullkomen. Kol 3,12b-14

Bibeltekstane er henta frå Bibel 2011, © Det Norske Bibelselskap

Tilbake