Samtaletilbod for godt vaksne


Samtaletilbod for godt vaksne


Me ventar med oppstart til pandemi-situasjonen er meir avklara her på Voss. Info kjem. 

 

 

Me planlegg å starte opp eit samtaletilbod for godt vaksne på nyåret 2022. Me vil samlast på ettermiddag/kveldstid i Prestegarden eller i Vonheim, og det vil verta ei enkel bevertning på kvart møte. Vi vil ha eit overordna tema for kvar kveld og gruppeleiarane vil innleie og invitere til samtale.

Sidan 12. mars 2020 har Noreg vore eit anna slags land enn det vi kjente frå før. Landet vart stengt ned, og i skrivande stund ventar vi på 4. trinn i gjenopning av landet. Denne tida har skapt mykje einsemd for mange. Vi har hatt omsut for ungane og ungdommane våre. Digital kommunikasjon som har vore kjekt, vart einaste kommunikasjonsmogelegheit for å treffe venner i ein klubb eller organisasjon. Ungdomsleiarar kan fortelje om datatrøyttleik mellom dei unge, og saknet etter å møta fysisk vart stort. Mange vaksne har hatt heimekontor, og noko innskrenka sosialt liv.

Kva så med livet for pensjonistar og eldre?

Ja, kva med oss, pensjonistar, som har brukbar helse, kanskje nettopp slutta i jobb og saknar alle sider ved jobben. Ikkje berre struktur i kvardagane, men og det sosiale. Småprat, og kanskje fagprat, er viktig for mange. Som pensjonist får ein god tid til å dyrka hobbyar, men når hobbyen vert  hovudgeskjeft og ikkje avkopling, vert det heller ikkje like kjekt i lengda.  For nokon kanskje mykje tid til å tenkje, men få å dele dei med?

Som diakon har Sigrid lenge sett behovet for ta opp ulike tema knytt til overgangar i og gjennom livet.

Tema vi kan ta opp kan vera korleis det er å gå frå yrkeslivet til pensjonisttilvære, helseutfordringar og sjukdom, busituasjon/flytting, frå å være to til å bli åleine, vener/familie osb. Me møter stadig forandringar. Andre emne kan vera bekymring. Livet kan vera ganske uføreseieleg.

Hausten 2020, vart det oppretta eit nytt lokalt diakoniutval, ei ressursgruppe innan diakoni på Voss. Nokre  pensjonistar, og ein representant frå soknerådet vart kontakta av diakon Sigrid Djukastein Mala. Ho har lenge hatt eit ønske om å laga møteplassar for pensjonistar. Ein plass der ein kan ha nokon å snakke med, og reflektera saman med. Ta opp viktige emne som vedkjem oss. Underteikna tenkte med ein gong at dette ville eg vera med på.

Ressursgruppa har no fått på plass ein handfull gruppeleiarar som har planlagt tema for desse samtalekveldane:

• Ei tid for alt - overgangar i livet

• Når helsa utfordrar oss - korleis meistre?

• Ein struktur på kvardagen - aktivitetsplan og gjeremål

• Bekymring - korleis møta bekymring?

• Nok er nok - kva tek og kva gjev oss energi? Kvar er din ladestasjon?

• Tankens kraft - samanheng mellom tankar, kjensler og handling.

• Takksemd, for kva? - å kunna gje og ta imot.

Ein av deltakarane i ressursgruppa er Hilde Blindheim Børve, som er tilsett som spesialrådgjevar ved Nasjonal kompetansetjeneste for læring og mestring innen helse. Ho held kompetansehevande kurs og føredrag innan helsepedagogikk, for helsepersonell og brukarrepresentantar. Dette for å bidra til gode lærings- og meistringstilbod for brukarar og pårørande over heile landet. Ho brenn for den gode samtalen, at vi gjev rom for refleksjon og vert lytta til. Hilde har sin arbeidsplass i Oslo, men er busett og har familie på Voss. Det blir spennande å høyre kva ho har å dele med oss!

Me planlegg å starte opp på nyåret 2022. Me vil samlast på ettermiddag/kveldstid i Prestegarden eller i Vonheim og det vil verta ei enkel bevertning på kvart møte. Vi vil ha eit overordna tema for kvar kveld og gruppeleiarane vil innleie og invitere til samtale.

Annonsering med informasjon om tilbodet og påmelding kjem i løpet av hausten.

Dersom dette kan vera av interesse, ta kontakt med Diakon Sigrid Djukastein Mala tlf 478 49 134 eller sm435@kyrkja.no

Tekst: Brit Furre

Tilbake