Invitasjon til MILK - MIniLeiarKurs


MIniLeiarKurset vårt starter opp like etter skulestart i haust. MILK er kurset for deg som byrjar i 10. klasse til hausten og som har lyst til å prøva deg som leiar i barne og ungdomsarbeidet vårt.

 

 

 

Milk står for Minileiarkurs og er utvikla av Norges KFUK-KFUM for å skapa unge leiare til klubb, Ten Sing og anna barne-og ungdomsarbeid, og for å få fjorårets konfirmantar med vidare i arbeidet i kyrkjelyden. 

På Voss samarbeidar kyrkja med Voss KFUK-KFUM. Samlingane er lokalisert til Vonheim og til Vonhaug. 

Tema me er innom er:

  1. Vær deg sjølv
  2. Stå opp for andre
  3. Mange slags leiarar
  4. Ungt ansvar, voksent nærvær
  5. Makt, kropp og grenser
  6. Leiar på leir
  7. Gudstjenesten og leiing

Alle deltakarane får ulike praksisoppgåver innafor barne- og ungdomsarbeidet i Voss KFUK-KFUM og i Kyrkja i Voss.

Oppstart:

MILK-kurset starter i september og varer gjennom skuleåret 2022 - 2023.

Pris for kurset: Kr. 50,-

Invitasjonen til årets kurs finn du her. (Prisen som står på invitasjonen er feil.)

Påmelding skjer via dette skjemaet innan 20. august 2022.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med Rønnaug Skjeldal, 95 26 20 25, om du lurer p¨å noko.

Tilbake