Du er velkommen til kyrkja slik som du er. Me har ulike typar gudstenester, og dei ulike kyrkjelydane i kommunen har særeigenheitene sine. Likevel prøver me å ha gudstenestene så like som mogleg, slik at ein skal kunna kjenna seg heime overalt.
Ofte bruker me power-point på vegg eller skjerm for å visa salmetekstar og liturgi. Nokre gonger bruker me liturgiark og salmebok. Sjølv når me har power-point kan det vera lurt å ta med seg ei salmebok på veg inn om ein kan lesa notar. Då kan ein følgja med i salmeboka viss det kjem nokre ukjende salmar.
Liturgien er ganske lik i alle sokna. Me bruker allmenn serie til dei sugne ledda. Det vil likevel kunna vera mindre variasjonar. I tillegg har me sjølvsagt spesielle gudstenester med spesielle liturgiar, som familiegudstenestene, folkemusikkmesse, jazzmesse og kveldsgudstenester.
Me håpar du kjenner deg heime i kyrkjene våre, og ønskjer å ta del i liturgi og salmesong når du er i kyrkja, og blir igjen i fellesskapet viss det er kyrkjekaffi etter gudstenesta. Men du skal også få komma, sitja stille på bakarste rad, og gå under postludiet om du ønskjer det.