Velkomen til misjon og motivasjon! Ta gjerne med ei veninne eller ektefelle!
Misjonsnemda starta våren 2021 opp med misjonssamlingar som vi kallar Misjon og Mosjon. Dette er samlingar der me kan møtast ute og eller inne i mindre grupper. Det er små samlingar der dei som vil kan gå ein tur først, og møtast til felles samling om misjonstema. Vi legg opp samlingane så alle kan delta, sprek eller ikkje. Dei som ikkje ynskjer gå tur, har felleskap over ein kopp kaffi/te. Dette er samlingar som går gjennom vår/tidleg haust.
Gjennom vinteren vil me ha samlingar inne og kallar dei: Misjon og Motivasjon. Misjonssamlingane er ei vidareføring av kvinneforeningane som tidlegare var i alle grender, dei samlast til felleskap i heimane og samla inn pengar til misjonen.
Velkomen til misjon og motivasjon og ta gjene med ei veninne eller ektefelle!
- Misjon og motivasjon:onsdag 16. februar Kl.18.00 i prestegarden (Kyrkjetunet)
- Misjonsgudsteneste sundag 20.mars kl.11.00 med basar i prestegarden i etterkant
- Misjon og motivasjon: Påskevandring