Abonnement på trusopplæring


No kan du abonnere på trusopplæring til barnet ditt.

 

Alle born som er døypt i Den norske kyrkja, får informasjon i posten om ulike trusopplæringstilbod.

Om barnet ikkje er døypt, er det likevel mogleg å få dei same tilboda. Foreldre/føresette kan logga inn via id-porten på kirken.no/minside, og oppretter oppretta eit abonnement på trusopplæring. Dette er heilt gratis og ein må ikkje vera medlem for å logga inn. Då vil ein få tilbod om å delta/melda barnet på ulike trusopplæringstiltak, og kan vurdere frå gong til gong om dette er aktuelt/passar, før ein eventuelt melder på barnet.

Trykk her for å kome direkte til kirken.no/minside

(Born som er døypt/medlemer i Den norske kyrkje, skal ikkje melde seg på her. Dei får allereie tilsendt informasjon/invitasjonar.)

Tilbake