Den verdifulle samtalen


Den verdifulle samtalen


Velkomen til samtalekveld i Kyrkjetunet (det gule bygget vis a vis kyrkja) måndag 21.mars. kl.18.00-20.00.

Komande måndag er du velkomen til samtalekveld i Kyrkjetunet. Det vil vera ein møteplass der vi tar opp ulike tema som gjerne møter oss alle gjennom livet, og vi møtes til en uhøgtideleg samtale om smått og stort.

Vi håpar dette vil skape eit fellesskap og vere ein god møteplass for den gode/verdifullesamtalen, med rom for undring om ulike tema. En må ikkje vere delaktig i samtalen, ein er og velkomen å delta i eit fellesskap  for å lytte.

Tema som vi ofte møter i livet kan være utfordringar i relasjonar, ulike val i livet, brot, sjukdom, spørsmål om tru og tvil, sjølvbilde osv. 

Kvelden vert med innleiing av Hilde Blindheim Børve som har lang erfaring på faget livsmeistring, og som dagleg er spesialrådgjevar ved Nasjonal Kompetanseteneste for læring og meistring innan helse.

 

Tilbake