Påska nærmar seg, og sjuåringane skal få vandre og leike seg gjennom påskedagane, og få vite meir om kva som skjedde veka før Jesus stod opp. Dette gjer me palmesundag i Bolstadøyri bedehus. Borna lærer om dei ulike påskedagane gjennom drama, forteljing og leik.
På Bolstadøyri bedehus er T7 søndag 10. april, med vandring frå 14:30. Me feirar gudsteneste i lag med resten av kyrkjelyden kl. 16:00. Invitasjon finn de her.