Alle fireåringar i Voss sokn er hjarteleg velkomne til T4 sundag 29. mai kl. 11:00 i Vangskyrkja.
Barnebibelen er ei fin, spanande og fargerik bok. Den er tilpassa dei yngste, og me får ofte tilbakemeldingar på T-dagar for eldre born at dei har lest heile Bibelen. Dei er kjempestolte og har hatt mange gode lesestunder. Dette er ei gudsteneste der alle fireåringar med familie er særskildt invitert. Fireåringane skal få kvar sitt eksemplar av "Bibelen for dei små". Dei vert inviterte fram i gudstenesta, enten åleine eller saman med nokon dei er trygge på for å motta Bibelen. Me har også Bibel på bokmål, eller lydbok dersom nokon treng det.
Invitasjonen finn de her