Her finn de informasjon om konfirmantførebuing / konfirmasjon skuleåret 2022/23
Vi ynskjer dykk velkomne til informasjonsmøte om konfirmanttida / konfirmasjon i:
- Ulvik kyrkje - tysdag 31. mai kl. 18:00
- Granvin kyrkje - onsdag 01. juni, kl. 18:00
Informasjonen er sendt til dei som står i medlemsregisteret til Den norske kyrkja. Om de veit om andre som kan tenka seg å finne ut meir om konfirmasjon i den norske kyrkja, må de be dei ta kontakt med underteikna.
Her finn de informasjon de treng for å melde dykk på konfirmasjonsunder-visning. I denne sendinga ligg eit skjema på papir for dei som liker det best.
Konfirmantundervisninga vert måndagar.
For konfirmantane i Granvin frå kl. 14.10 – 15:45 på skulen.
For konfirmantane i Ulvik frå kl. 16:45 – 18.15 på kyrkjekontoret i Ulvik.
Datoar for undervisning og anna vil vi kome attende til, det meste vil vere klart til presentasjons-gudstenestene i haust. Nokre samlingar vonar vi å kunne gjere felles for konfirmantane i Granvin og Ulvik. Det same vil gjelde for eventuell leir til våren.
Har de spørsmål så ikkje ver redd for å ta kontakt med meg.
Det vert presentasjonsgudsteneste i:
Granvin kyrkje, den 28. august 2022, kl. 11.00
Ulvik kyrkje, den 28. august 2022, kl. 14.00
Lysmesse:
I Ulvik kyrkje: sundag 27.november 2022, kl. 18:00
I Granvin kyrkje: sundag 04. desember 2022, kl. 18:00
Fasteaksjon: Tysdag 28.mars 2023, kl. 16:00 – 20:00
Samtalegudsteneste og konfirmantfest vert:
Ulvik kyrkje, fredag den 28. april 2023, kl. 18:00
Granvin kyrkje, fredag den 05. mai 2023, kl. 18.00
Konfirmasjonsdag vert:
Ulvik kyrkje, 07. mai 2023, kl. 11.00
Granvin kyrkje, 14. mai 2023, kl. 11.00
Påmelding på dette skjemaet.
Voss, 18. mai 2021
Med beste helsing,
Magnar Haaland(sign)
Sokneprest i Ulvik og Granvin
e-post: mh977@kyrkja.no
mobil: 415 46 366