T1 Babysong for Voss, Raundalen, Granvin og Evanger og Bolstad sokn og for Oppheim og Vinje sokn


Me inviterer til Babysong i Vangskyrkja (for Voss, Raundalen, Granvin og Evanger og Bolstad sokn) og i Kyrkjestova på Oppheim (for Vinje og Oppheim sokn) hausten 2022.

 

 

Me samlast i til song, leik og kos med babyen. Her er terskelen låg, og det skal vere enkelt å koma på babysong. Det er ikkje krav til songprestasjonar. Mor og far si stemme er uansett den flottaste for barnet. 

Vangskyrkja: Det vert to samlingar, ei kl. 10:30-11:30 og ei mellom 12:00-13:00. Det vert felles lunsj mellom 11:30 og 12:00. Invitasjon finn de her 

Kyrkjestova på Oppheim: Me møtes kl. 10:30. Det vert felles lunsj mellom 11:30 og 12:00. Invitasjon finn de her

 

Tilbake