Då gjetarane høyrde englesong


1. søndag i advent held MiniMidising, tradisjonen tru, konsert med høg sjarmfaktor i Vangskyrkja.

 

Ungane har i haust øvd på jolesongar og dramatisering av ei joleforteljing. Litt allsong for publikum høyrer sjølvsagt med. Dette er kjekt for både store og små, så her er det berre å ta med seg familie, naboar og vener. Konserten byrjar kl 17.45, i god tid etter tenninga av jolegrana. Konserten har gratis tilgjenge, men det er sjølvsagt lov å vippsa nokon kroner ved utgangen.

Velkommen på konsert!

 

Tilbake