Føresette med born fødde andre halvår av 2022 er hjarteleg velkomne til babysongkurs Vangskyrkja! Kurset går over sju tysdagar frå 7. mars til og med 25. april (ikkje i påskeferien).
Me samlast i Vangskyrkja til song, leik og kos med babyen. Her er terskelen låg, og det skal vere enkelt å koma på babysong. Det er ikkje krav til songprestasjonar. Mor og far si stemme er uansett den flottaste for barnet. Me trillar vognene rett inn, og det er lagt til rette for amming og bleiebyte. Det vert to samlingar, ei kl. 10:30-11:30 og ei mellom 12:00-13:00. Det vert felles lunsj mellom 11:30 og 12:00.
Invitasjon finn de her
Påmelding til Åshild Bøe Kharazmi, 952 98 681