Innleiing til konfirmanttida
T14-dagen er ei samling i kyrkja der ungdomane får veta meir om konfirmasjonen og om at Gud ynskjer kontakt med dei.
Denne dagen er både informasjon og oppleving.
- Informasjon om kva konfirmanttida inneber og korleis ein melder seg på.
- Oppleving av korleis konfirmantførebuinga kan gå føre seg.
Vi har nokre postar i kyrkja der 14-åringane får både gjera noko, tenkje på noko og svara på noko. Samstundes får dei møta nokre av dei som skal vera lærarar i konfirmasjonsførebuinga.
Foreldra vert òg inviterte til å vera med på informasjonsbiten.