Over halvparten av alle kyrkjelydane i Den norske kyrkja har sørga for at LysVaken er blitt ein god tradisjon i kyrkja og ei oppleving for livet for tusenvis av elleveåringer.
LysVaken vil vise at kyrkja er ein stad der borna høyrer heime med heile seg. Me syng, et pizza har kyrkjequiz og ulike oppgåver. Me høyrer forteljing og lærer om Jesus som lyset for verda.
Voss og Raundalen samlast i Vangskyrkja ein sein kveld i november.
For Evanger og Granvin sokn rullerer tiltaket med T10- Kristuskransen. Lys vaken er i slutten av november.
Oppheim har sitt opplegg rundt første sundag i advent.