T9-dagen omhandlar historia om Heilag Olav og pilegrimane.
T9- dagen vert lokalt tilpassa og ulik i dei forskjellige sokna:
Voss og Raundalen sokn: I året 1023 kom Heilag Olav til Voss for å fortelja vossingane om den kristne Gud, eller Kvitekrist som Jesus vart kalla. Me møtes ved Kyrkjetunet, så legg me ut på vandring for å finna Heilag Olav og høyre om livet hans. Steinkrossen ved ungdomsskulen er svært sentral i forteljinga. Me skal leike, bli utfordra, læra båtbygging og grilla pølser.
Evanger og Granvin sokn: Også på Evanger og i Granvin legg me ut på vandring, og høyrer om Heilag Olav og han si historie. Me leikar, me blir utfordra på ulike måtar og me byggjer "båtar". Så blir det grilling, og ei kort avslutning. For Evanger og Granvin sokn rullerer tiltaket med T8- Tårnagent.
Vinje og Oppheim sokn: På T9 dagen skal me på skattejakt ute i naturen og bli kjent med Heilag Olav og historia om han. Me går den gamle kongevegen frå Oppheim til Vinje. Undervegs får me ulike utfordringar.